Hopp til innhold

Operativ etterforskar innan utlendingskontroll

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Operativ etterforsker innen utlendingskontroll
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 8. april

Om stillinga

Vil du bidra til å sikre Norge mot truslar utanfrå, og sørgje for at dei som oppheld seg i landet har lov til det? Ønskjer du å jobbe med eit spennende fagfelt i stadig endring, og likar å jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta? Er du glad i utfordringar og ønskjer å jobbe i eit miljø med gode og dyktige kollegaer? Då kan dette vere jobben for deg.

Vi har ledig fast stilling som etterforskar innen utlendingskontroll ved seksjon for utlendings- og grensekontroll i Ålesund.

Seksjonen består av høgt motiverte menn og kvinner fordelt på to oppmøtestadar i høvesvis Ålesund og Kristiansund. Vi har eit spesielt godt arbeidsmiljø og er ute etter deg som ønskjer å styrke dette ytterlegare og som er motivert til å utvikle faget og avdelinga over tid. Vi arbeider med fagfelt som er høgt prioritert sentralt og lokalt, og har godt og tett samarbeid med andre driftseiningar, særorgan og eksterne aktørar.

Arbeidskvardagen er variert og tidvis hektisk, med krav til fleksibilitet og evne til å ta på seg ulike roller. Vi har tidvis høgt arbeidspress og stort krav til fleksibilitet og sjølvstendigheit, der alle må kunne dekkje fleire funksjonar for å vareta felles ansvar. Dette er ei ypparleg stilling for deg som ønskjer fagleg utvikling og variasjon i kvardagen. 

Seksjonen er operativ med oppsøkjande verksemd, og dette er en operativ stilling som inngår i politiet sin operative beredskap med mellom anna operativ tjeneste i helger. Du må pårekne jamleg reiseverksemd i heile fylket. 

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing. Seksjonen ønskjer mangfald og ser spesielt positivt på søkjarar med bakgrunn/erfaring/perspektiv/kompetanse som kan utfylle det vi har frå før. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.


Arbeidsoppgåver

  • planleggje og gjennomføre personkontrollar
  • avdekkje personar som oppheld seg ulovleg i Noreg, eller på annan måte har brote vilkår for opphald
  • opprette og gjennomføre bort-/utvisningssaker
  • planleggje og gjennomføre uttransportar
  • etterforske brot på utlendingsloven
  • etterforske/saksbehandle utleveringssaker
  • andre oppgåver kan leggjast til ved behov

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • fullført og bestått politi(høg)skule ved tiltreding. Vitnemål og karakterskjema skal leggast ved søknaden, sjå https://www.politiet.no/sok/?SearchText=karakterskjema2023.xlsx. Vitnemål må ettersendast for avgangsstudentar 2026.
  • IP4-godkjenning, eller må kunne bli godkjent
  • god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • god basiskunnskap IKT
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Det er også ønskjeleg med

  • relevant tilleggsutdanning
  • erfaring frå etterforsking, etterretning, utlendings- og grensekontroll
  • språkkompetanse utover engelsk 

Personlege eigenskapar

  • gode haldningar, kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
  • sjølvstendig med evne til å arbeide systematisk
  • lagspelar som bidrar positivt til arbeidsmiljøet i atferd og engasjement
  • tar initiativ til fagleg utvikling og bidrar til kunnskapsdeling

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Personlege eigenskapar blir vektlagt.


Dette kan vi tilby om du vel oss

  • ei utviklande stilling i Møre og Romsdal politidistrikt
  • fast stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457) i Møre og Romsdal politidistrikt, med tilsetting avhengig av kompetanse, jf. kompetansekriteriene for politibetjenter
    • politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 til kr. 585 000
    • politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 til kr. 610 000
    • politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 til kr. 640 000
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering vurderast. Ved endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området.
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
  • tIlknyting til bedriftshelseteneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.


Kontaktperson for stillingen

Marianne Nørgaard Aae

Driftseiningsleiar

+47 95 93 87 66

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fd8a645c-de23-4e5f-9811-eeddf3f4adbe

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10287149

Lignende annonser

Laster lignende annonser