Avsnittsleiar
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Avsnittsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Om stillinga
Vi har ledig ei fast stilling som avsnittsleiar for avsnitt for etterforsking av seksuelle overgrep og grov vald Sunnmøre i Ålesund.
Vi ser etter deg som er særskilt motivert for fagfeltet, har evne til å motivere og utvikle medarbeidarar og som legg til rette for eit godt arbeidsmiljø. I stillinga har du ansvar for drift av avsnittet i tråd med sentrale og lokale retningslinjer. Derfor er det også viktig å vere samfunnsorientert og ha god heilskapleg forståing for avsnittet si rolle i politidistriktet og samfunnet for øvrig.
Ein del av arbeidet ved avsnittet er hendingsstyrt og du vil også bidra i saker i rolla som politifagleg etterforskingsleiar, ta avhøyr eller utføre andre etterforskingsskritt.
Avsnittet er ein del av seksjon for etterforsking ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) og avsnittsleiar inngår i leiargruppa ved seksjonen. I tillegg deltar avsnittsleiar i nasjonale faggrupper, forum og diskusjonsgrupper. Fagfeltet er høgt prioritert og i denne stillinga får du moglegheit som leiar til å bli med og utvikle faget, sikre høg kvalitet og samarbeide med dyktige medarbeidarar i politidistriktet. Noko reiseverksemd må påreknast.
Vi oppmodar særskilt kvinner om å søkje på politileiarstillingar.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi søkjer deg med kompetanse innan leiing og etterforsking, og som blir motivert av moglegheita til å vidareutvikle norsk politi i tråd med samfunnsutviklinga. Du må kunne delta i arbeidet med etterforsking av saker og leie etterforskingar.
Vi ser etter deg som set retning, skapar framdrift og oppslutning om mål, og som gjennomfører nødvendige endringar. Du skapar resultat i samhandling med andre, har god gjennomføringskraft og sørgjer for høg kvalitet. Du har evne til å motivere, støtte og utvikle medarbeidarane dine.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Arbeidsoppgåver
- dagleg leiing av avsnittet med personal- og resultatansvar
- drive aktiv prioritering av ressursar og straffesaker tillagt avsnittet i samarbeid med funksjonelle og geografiske einingar
- sørgje for at faglege oppgåver som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- etterforskingsleiing og etterforsking av saker
- delta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følgje opp sentrale krav og føringar
- overordna ansvar for fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder legge til rette for OÅO, systematisk erfaringslæring og kunnskapsbasert forbetringsarbeid
- samhandle med eksterne samarbeidspartnarar innan fagområdet
- utvikle godt medarbeidarskap, ønskt kultur og god medarbeidartilfredsheit ved seksjonen
- ansvarleg for å drive systematisk HMS arbeid ved avsnittet
- kan påleggast andre arbeidsoppgåver av leiar
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått politi(høg)skolen
- brei arbeidserfaring innan etterforsking av alvorlege straffesaker
- god kunnskap om lovverket innan etterforsking
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven§ 18 og politiregisterloven §41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
Det er også ønskjeleg med
- relevant leiarutdanning og/eller leiarerfaring
- vidareutdanning innan etterforsking, og særskilt ønska er vidareutdanning innan grov vald/seksuelle overgrep/tilrettelagte avhøyr
- erfaring frå etterforskingsleiing i sak og porteføljehandtering
- erfaring frå etterforsking av saker som omhandlar grov vald eller seksuelle overgrep
- kjennskap til arbeid innan helse, miljø og sikkerheit
Personlege eigenskapar
- det vert lagt vekt på gode leiareigenskapar herunder evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- heilskapsorientert, og kan sette retning og drive endring
- gode evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
- resultatorientert og har god gjennomføringsevne i samhandling med andre
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ein utfordrande og meiningsfull arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- fast stilling som avsnittsleiar, stillingskode 0287 politioverbetjent, i Møre og Romsdal politidistrikt
- brutto årslønn frå kr. 790 000 til kr. 890 000
- godtgjering etter gjeldande ATB på for tida 44 708 kr. og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlemsskap i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktperson for stillingen
Ole Ivar Nybø
Seksjonsleiar
+4748887235
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Anja Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
471ee687-8921-4cbf-a428-43abca69d0a1
- Sist endret
24. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288383