Hopp til innhold

Helgevikarar og tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimetenester

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helgevikarar og tilkallingsvikarar ved institusjonstenester og heimetenester
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Me treng helgevikarar  og tilkallingsvikarar for institusjonstenester og tilkallingsvikarar i heimetenester.

Institusjonstenester og heimetenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg.

Som tilkallingsvikar bestemmer du heilt fritt når du vil jobbe, som helgevikar er arbeidstida etter turnus.

1. helsetun 
2. kjøken
3. heimebaserte tenester 
4. dagtilbod for heimebuande personar med kognitiv svikt 
 

Skriv i søknaden om du ynskjer eitt av vala under, eller om du vil kombinere nokon av desse: 

  • helgevikar  ved institusjonstenester og jobbe kvar 3. helg, og langvakt om du ynskjer det
  • tilkallingsvikar ved institusjonstenester 
  • tilkallingsvikar ved heimetenester 

Arbeids- og ansvarsområde

  • OPPGÅVER HELSETUNET: 
    - pleie og omsorg til pasientane 
    - hjelp til personleg hygiene
    - tilsyn
    - rapportere til sjukepleiar om pasientane sine behov og observasjonar / endringar 
    - dokumentere / journalføre i elektronisk pasientjournal 
    - vere med pasientane i aktivitetar ved avdelinga, turar med elektrisk sykkel, gå- eller trille tur
    - sosialt samvær som til dømes: sjå bilde og film frå nær og fjern, lese avisa, songstund 
  • OPPGÅVER HEIMEBASERTE TENESTER:
    - yte naudsynt helsehjelp, stell, pleie, tilrettelegging og god omsorg
    - sårstell
    - medikamentutdeling
    - førebyggande og rehabiliterande helsearbeid
    - samarbeid med forskjellige faggrupper og tverrfagleg samarbeid
    - praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middag
  • OPPGÅVER DAGTILBOD:
    -  delta i aktivitetar for og med heimebuande personar med kognitiv svikt
     - delta i drift av dagsenter 
     - bidra til gode opplevingar ved måltida
  • OPPGÅVER KJØKEN:
    - ulike oppgåver delegert frå kjøkenleiar 
    - rapportere til kjøkenleiar om pasient eller brukarane sine behov og eventuelle endringar
    - delta i tillaging av mat / middag til helsetunet og til heimebuande

 


Me tilbyr

  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter tariff (lokal stige for sjukepleiarar og vernepleiarar)
  • tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet for søkarar med fagbrev og høgskule
  • ekstra laurdags- og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
  • studentar under høgskuleutdanning får startløn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga.
  • sjukepleie- og vernepleiestudentar som har fullført medikamentprøve får kr 10 000 i tillegg til tariffløn
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen til helgevikarar 
  • gratis inngang til symjehallen til helgevikarar 
  • sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • For å dekke desse tenestene treng me sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og pleiemedarbeidarar / assistentar

  • Personlege eigenskapar

    Me søker deg som har lyst til å jobbe med pasientar og brukarar. Det vert difor lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og vi ynskjer at du;

    - har interesse, og er motivert til å jobbe innan helse og omsorg
    - er audmjuk, fleksibel og løysingsorientert
    - har evne til samarbeid, og kan kommunisere     godt med pasientar, brukarar og kollegaer
    - tek initiativ og er engasjert slik at trivnaden til pasient og brukar       skal bli best mogleg
    - har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
    - har godt humør og er positiv
    - tek nye utfordringar

    Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


    Løns- og tilsetjingsvilkår

    • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
    • du  bør fylle 18 år i løpet av 2026/27, men yngre søkarar kan også få tilbod 
    • for å jobbe i heimetenesta må du ha førarkort, klasse B
    • krav om ny politiattest jfr. helsepersonellova av nyare dato

    Krav til språk

    Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


    Generell informasjon 

    Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

    Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

    Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

    NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

    Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


    Om bedriften

    Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820  innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikk- og kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

    På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

     

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b7134b1e-e6f8-477d-b3af-efb9b02d9457

    Sist endret

    25. februar 2026

    Hentet fra

    jobbnorge

    Referanse

    10276519

    Lignende annonser