Hopp til innhold

Fysioterapeut

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Vangen 1, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Fysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Om stillinga

Me har ledig 100% fast stilling som fysioterapeut frå snarast. Ynskjer du ein variert arbeidskvardag, med fagleg spanande utfordringar, er du velkomen til å søkje!

Aurland kommune har to fysioterapeutar i fast stilling, i tillegg til ein turnusfysioterapeut. Hovudoppgåva til fysioterapeutane er å gi behandling og oppfølging til pasientar med ulike behov, problemstillingar og funksjonsnivå.

Som fysioterapeut vil du ha eit sjølvstendig ansvar for eiga pasientliste og planlegging av arbeidskvardagen. Du vil også få delansvar for rettleiing av turnusfysioterapeut. 

Fysioterapitenester er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og høyrer til stab / fagområde. Legekontor, ergoterapeut, kreftkoordinator, rus- og psykiatriteneste, folkehelsekoordinator med aktivitetsansvar, forvaltning og tildeling, koordinerande eining, fagutviklingssjukepleiar og kommunalteknikar høyrer også til her. Me har tett samarbeid med alle desse fagområda.

Det er også tverrfagleg samarbeid med dei andre avdelingane i helse og omsorg og med kommunalområde oppvekst.

Fysioterapeutane held til i gode og romslege lokaler i Fjordsenteret, med treningsrom, eigne behandlingsrom og felles kontorlandskap. I behandlinga nyttar vi også treningsrom, symjebasseng og terapibassenget i Aurlandshallen. Me tilbyr også behandling i pasienten sin heim, i institusjon, i barnehage og skule.

Aurland kommune har mål om at innbyggjarane skal ha moglegheit til å leve aktive og sjølvstendige liv og ta medansvar for eiga helse. Som fysioterapeut hjå oss vil du vere med å bidra til å nå dette målet, ved å ha fokus på pasienten si eigenmeistring og eigne ressursar. I ei tid der kommunen vil få fleire eldre, og fleire med samansette behov, er målet vårt å utvikle gode og berekraftige tenester som er rusta for framtida. Me satsar difor på velferdsteknologi, kvardagsrehabilitering og førebygging, som fysioterapeutane er ein viktig del av.

 


Sletting av studiegjeld?

I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:

 https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune 

 


Arbeids- og ansvarsområde

Hovudoppgåver som fysioterapeut hjå oss per i dag er:

  • Utøve allmenn fysioterapi, i samsvar med kommunen sine gjeldande prioriteringar
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing av pasient, samarbeidspartnarar og pårørande
  • Dokumentasjon og elektronisk samhandling
  • Handsaming av søknadar, tilvisingar og iverksetjing av tenester 
  • Rettleiing av fysioterapeut i turnusåret
  • Andre arbeidsoppgåver kan påreknast

 


Me tilbyr 

  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter tariff
  • tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet 
  • fleksitidsordning 
  • tenestebil
  • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære 
  • eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
  • frist til å søke barnehageplass for neste barnehageår  er 15. mars. For meir informasjon fyl lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i fysioterapi med norsk autorisasjon
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning, eller interesse for å ta vidareutdanning innan fagfelt som:
    - geriatri
    - rehabilitering
    - barn og unge
    - psykomotorisk fysioterapi
    - lymfødem- og lipødembehandling
  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

Me vil at du:

  • Er serviceinnstilt
  • Er fagleg dyktig
  • Arbeider sjølvstendig
  • Har god arbeidskapasitet
  • Samarbeider godt med andre, og i team
  • Har behova til brukaren i fokus
  • Er ansvarsbevist, strukturert og lojal

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • politiattest av nyare dato må leverast, og vere vurdert, innan du byrjar i stillinga

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Kontaktperson for stillingen

Joachim Bendiksen Hagen

Stabsleiar helse og omsorg

+4795984651

joachim.bendiksen.hagen@aurland.kommune.no

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

332f3743-61e5-4267-8b5d-c2d01a4901db

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283897

Lignende annonser