Grunnskulelærar
Aurland kommune
Vangen 1, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Grunnskulelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. mai
Om stillinga
Me har ledig 100% fast stilling som grunnskulelærar ved Aurland barne- og ungdomsskule frå 01.08.26.
Aurland barne- og ungdomsskule har om lag 150 elevar frå 1. til 10. klassetrinn. Skulen ligg sentralt til og har god tilgang på ulike idrettsanlegg, natur og lokale samarbeidspartnarar. Skulen arbeider kontinuerleg for å betre elevane sitt læringsmiljø og for å styrke elevane sin faglege og sosiale kompetanse. Me arbeider for at alle elevane skal oppleve meistring, ha ei positiv utvikling og tru på seg sjølv.
Me jobbar aktivt for at skulaen skal ha ein høg fagleg kvalitet og tydeleg verdiprofil. Skulen har eit godt kvalifisert personale med brei kompetanse som set oss i stand til å møte mange ulike utfordringar i ein samansett skulekvardag.
Kommunalområde oppvekst i Aurland kommune består av to grunnskular, Aurland barnehage, Flåm barnehage, bibliotek, kulturskule, fritidsklubb, skulehelsetenesta og Aurland og Lærdal barnevern
Arbeids- og ansvarsområde
- planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga i tråd med LK 20
- arbeide for å skape gode relasjonar og eit trygt og godt læringsmiljø for alle elevar
- delta i utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
- delta i pedagogisk utviklingsarbeid og samarbeid med andre kollegaer
- kontaktlæraransvar må påreknast no eller i framtida
- samarbeide med elevar, føresette og andre samarbeidspartar
- andre oppgåver innan kommunalområdet kan bli lagt til stillinga
Me tilbyr
- eit utviklingsorientert lærarfelleskap der elevane sitt lærings- og skulemiljø er i fokus
- dyktige kollegaer som samarbeider godt
- rettleiing for nyutdanna lærarar
- tett oppfølging av leiinga ved skulen
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet
- gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdstiltak )
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- godkjent lærarutdanning for 5. - 10. trinn
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- undervisningskompetanse i fleire av faga spansk, kroppsøving, engelsk, norsk og musikk
- undervisningserfaring er ønskeleg
- god digital kompetanse i eige arbeid og i læringsarbeid med elevane
Personlege eigenskapar
Me vil vektlegge personlege eigenskapar, og ser etter ein lærar som:
- har god relasjonell kompetanse og evne til å sjå den enkelte elev, forstå elevane sine behov og skape eit trygt og inkluderande læringsmiljø
- kommuniserer godt og viser respekt i møte med elevar, føresette og kollegaer
- har gode samarbeidsevner
- har god rolleforståing og kan utøve profesjonen på ein medviten og etisk måte
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Sletting av studiegjeld?
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å følge lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- politiattest av nyare dato må vere levert og vurdert innan du byrjar i stillinga
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes kino, basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
aca5ab25-c973-4c5a-a81e-ea27fcf712f1
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10290708