Hopp til innhold

Avdelingsleiar for kultur

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Vangen 1, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar for kultur
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 16. april

Om stillinga

Aurland kommune søkjer ein engasjert og inspirerande avdelingsleiar for kultur i oppvekst. Me har ledig fast 100 % stilling frå 01.08.2026. Dette er ei spanande stilling for deg som ynskjer å kombinere leiing, utviklingsarbeid og utøvande kulturarbeid. 

Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av kulturskulen og i samspelet mellom kulturskule, bibliotek og ungdomsklubb. Som kulturleiar får du moglegheit til å påverke utviklinga av kulturtilbodet i kommunen og bidra til gode møteplassar for barn, unge og innbyggarar i alle aldrar. 

Aurland er ein kommune med sterke kulturtradisjonar og eit aktivt lokalsamfunn der frivillig engasjement er viktig.

Avdelingsleiar skal leie kultur sine tilsette, arbeide med rekruttering, utvikling av tenestene, initiere samarbeidsprosjekt, samt ha adminstrative oppgåver som økonomi- og personaloppfylging, opptak, rapportering med meir. Forvaltningsdelen er lagt til kommunalområde samfunnsutvikling. Kvelds- og helgearbeid må påreknast. 

Stillinga er organisert med om lag 50 % adminstrasjon og 50 % utøvande arbeid. 

Leiar for kultur rapporterer til kommunalleiar for oppvekst og er ein del av leiargruppa i kommunalområdet.


Arbeids- og ansvarsområde

  • overordna fag,- økonomi og personalansvar for kulturskule, bibliotek og ungdomsklubb
  • leie og vidareutvikle kulturskulen i Aurland
  • vidareutvikle kulturtilbodet i kommunen
  • skape gode møteplassar og aktivitetar for barn og unge
  • bidra med undervisning, formidling eller kunstnarleg aktivitet i kulturskulen etter kompetanse
  • tett samarbeid med barnehage og skule/SFO og andre samarbeidspartar
  • marknadsføring og kommunikasjon
  • initiere ulike arrangement samt søkje prosjektfinansiering

Me tilbyr 

  • ei variert og utviklande leiarstilling
  • eit stort handlingsrom til å utvikle kulturtilbodet i Aurland kommune
  • moglegheit for å kombinere stillinga med undervisning i skule etter kompetanse
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter avtale
  • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (mellombels velferdsordning)
  • å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære 
  • eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
  • barnehageplass, for søknadsfrist og informasjon sjå her: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Har du spørsmål om stillinga eller ynskjer ein uforpliktande prat, er du velkommen til å ta kontakt.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • minimum bachelor innan musikk, kulturfag eller anna relevant utdanning
  • leiarerfaring er ei føremon
  • relevant erfaring kan kompensere for formell utdanning
  • erfaring med utviklingsarbeid og prosjektarbeid
  • førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som: 

  • brenn for faget ditt 
  • er ein lagbyggar som legg til rette for involvering og medverknad av både tilsette og elevar
  • er engasjert, god til å inspirera andre og byggje trygge relasjonar
  • er nyskapande og ser moglegheiter
  • har evne til å inspirere og skape utvikling
  • er løysingsorientert og handlekraftig
  • trivst med å arbeide tett på både menneske og aktivitet
  • er i stand til å leie andre og viser retning

Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
  • politiattest av nyare dato må vere levert og vurdert innan du byrjar i stillinga

Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.

NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.


Kontaktperson for stillingen

Kristin Helen Takvam Rekve

kommunalleiar oppvekst

+4799207198

kristin.takvam.rekve@aurland.kommune.no

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vere Noreg si fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a845066d-8fed-4552-9118-2e5778b4066e

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289113

Lignende annonser

Laster lignende annonser