Sjukepleiar institusjon
Aurland kommune
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar institusjon
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 24. mars
Om stillinga
Me har ledig fast 100% stilling som sjukepleiar ved institusjonstenester frå 01.06.26.
Helsetunet har 24 plassar fordelt på tre avdelingar, kortid/langtid, sjukeheimsavdeling og avdeling for personar med kognitiv svikt. Me har lyse og trivelege lokaler med gode fasilitetar og utstyr. Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.
Institusjonstenester organisert under kommunalområde helse og omsorg. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.
Me jobbar etter årsplan, som blir laga etter ynskje frå dei tilsette så langt det let seg gjere.
Rekrutteringstilskot
Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av sjukepleiarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på brutto kr. 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr. 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som sjukepleiar.
Sletting av studiegjeld?
I Aurland kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. Sjå meir informasjon ved å fylgje lenka:
https://aurland.kommune.no/nyhet/har-du-studielaan-og-bur-i-aurland-kommune
Arbeids- og ansvarsområde
- varierte arbeidsoppgåver mellom anna som pasientansvarleg sjukepleiar
- faglege oppgåver som: medikamenthandtering, lindrande behandling, kateter, sårstell og miljøarbeid
- observasjon og behandling
- vurdering og kartlegging av behov
- gjeldande dokumentasjons-system er Profil, me planlegger overgang til Visma Flyt helse medio mars
- registrering av pasientopplysningar i systema IPLOS og ADL
- rådgjeving og rettleiing av kollegaer, studentar, pasientar og pårørande
- tverrfagleg samarbeid med fysioterapeut, ergoterapeut, lege og samarbeidspartnarar
I tillegg kan avdelingsleiaren delegere fleire interessante oppgåver.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kr 35 000 høgare årsløn i lokal lønsstige
- ekstra laurdags- og søndagstillegg (+ tariffløn kr 10 pr. time)
- minimum 6 år tilleggsansiennitet
- funksjonstillegg til praksisrettleiar
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partnar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- frist til å søke barnehageplass for neste barnehageår er 15. mars. For meir informasjon fyl lenka: Søke eller endre barnehageplass - Aurland kommune
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- Du må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå arbeid med brukargruppa er ein fordel
Personlege eigenskapar
Me legg stor vekt på personlege eigenskapar, og søker deg som:
- er motivert til å jobbe innan eldreomsorg, og er engasjert og interessert i faget
- er fleksibel og løysingsorientert
- er opptatt av gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- tek initiativ
- og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- har godt humør, er til å stole på, og er engasjert.
Likar du å arbeide i eit godt arbeidsmiljø med nye utfordringar, og i tillegg brenn for faget - då ynskjer me deg velkomen på laget vårt.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- Tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- Tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakter (arbeid kvar fjerde helg)
- Innbakt heimevakt i turnus. Eventuell ekstra heimevakt vert løna 1/3.
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato må vere levert, og vurdert, før du byrjar i stillinga
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Minimum språkkrav er B2. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktperson for stillingen
Ingrid Finden Bekkedal
avdelingsleiar institusjonstenester
+4795984639
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6cf45f7-2d94-472d-b122-014763cc9d66
- Sist endret
3. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10285248
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland
Arbeidsgiver
Aurland kommune
Sted
Aurland
Arbeidsgiver
Voss herad Vetleflaten omsorgssenter 2. etg.
Sted
Voss