Hopp til innhold

Lærlingar i helse og omsorg

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Lærlingar i helse og omsorg
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Om stillinga

Me har ledige læreplassar frå hausten 2026 i desse faga:

  • helsearbeidarfaget
  • ernæringskokk
  • institusjonskokk

Læretida i helsearbeidarfaget er fordelt mellom arbeid ved institusjonstenester,  heimetenester, bu og miljø, og som regel ein periode ved eit sjukehus.

Læretida som ernæringskokk og/eller institusjonskokk er ved kjøkenet på Aurland helsetun, eventuelt i samarbeid med lokale bedrifter.

Aurland kommune har god erfaring med opplæring og oppfylging av lærlingar.

Når du søker må du laste opp / legge ved kompetansebevis VG1 og karakterutskrift VG 2,  eller anna utdanning, samt aktuelle attestar. Dokumentasjon på eventuelt fråvær legg du også ved som vedlegg i søknaden. 


Arbeids- og ansvarsområde

  • ta del i det daglege arbeidet ved avdelinga / arbeidsplassen
  • ha ansvar for å vise fagleg utvikling gjennom dokumentasjon i opplæringsboka og gjennom samhandling med instruktør 
  • utføre arbeidsoppgåver som er relevante for opplæringsmåla i faget

Me tilbyr

  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn som lærling etter Hovedtariffavtalen
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (kr 10,- pr time over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • fullfører vidaregåande skule, VG 1 og VG 2 i det faget / studiet  du søker lærlingplass i, innan våren 2026
  • andre utdanningsløp er også mogleg, legg eventuelt ved dokumentasjon

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir vektlagt. Me ynskjer lærlingar som har gode samarbeidsevner, er villige til å lære og som er ansvarsfulle. 

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale i læretida
  • god orden og åtferd
  • eventuelt fråvær må vere dokumentert 
  • politiattest av nyare dato er eit krav for læreplass i helsearbeidarfaget

Krav til språk

Det er ein føresetnad at den som får læreplass kommuniserer godt på norsk både munnleg og skriftleg. 
Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju. 

Me ynskjer deg velkomen som søkar til lærlingstilling i Aurland kommune. 


Kontaktpersoner for stillingen

Marit Irene Aas Nesheim

avdelingsleiar heimetenester

+4795984641

marit.irene.aas.nesheim@aurland.kommune.no

Catrine Moberg-Jordalen

avdelingsleiar bu og miljø

+4745878548

catrine.moberg.jordalen@aurland.kommune.no

Ingrid Finden Bekkedal

avdelingsleiar institusjonstenester

+4795984639

ingrid.finden.bekkedal@aurland.kommune.no

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5db3c171-2905-4256-bb4e-2728c1d17c18

Sist endret

21. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10278161

Lignende annonser