Hopp til innhold

Lærar, miljøterapeut og fagarbeidar i Skånevik

Arbeidsgiver

Etne kommune Skånevik skule

Sted

Milja allè 9, 5593 Skånevik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærar, miljøterapeut og fagarbeidar, inntil 260% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Har du lyst til å vera ein del av eit spennande oppvekstmiljø i Etne kommune?
Brenn du for utvikling, læring og samarbeid? Då kan dette vera stillinga for deg!
I Etne kommune finn du Skånevik skule, ein 1-10-skule med 97 flotte elevar og over 20 engasjerte tilsette. Skulen er for tida 6-delt og har eit nært og godt samarbeid med Skånevik barnehage. Her legg me vekt på at barn og unge skal oppleva ein trygg og inspirerande kvardag der dei får utvikla seg fagleg og sosialt.
I Etne kommune står verdiane Trygg – Raus – Engasjert i sentrum. Me ønsker å skapa ein kultur prega av samarbeid og samskaping, der alle kjenner seg verdifulle og inkluderte.
Skånevik skule har ledig vikariat som lærar, miljøterapeut og fagarbeidar på inntil 260%. Vikariatet har oppstart etter avtale, og varer ut skuleåret. Kan muligens bli forlenga.

Arbeidsoppgåver

Lærar:

  • Undervisning på ulike steg.
  • Planleggja, gjennomføra og evaluera læringsarbeid.
  • Forpliktande team- og stegsamarbeid med vekt på å auka læringa til elevane.
  • Leia og motivera medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane.
  • Sikra eit godt samarbeid med føresette og andre aktørar.

Fagarbeidar/Miljøterapeut:

  • Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
  • Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar

Kvalifikasjonar

Lærar:

Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Søkjaren må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherska nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune.
Gode digitale dugleikar.
I søknaden din ynskjer me at du skriv om kva fag som ligg i utdanninga di og at tilleggsutdanning vert spesifisert med fag og studiepoeng.

Fagarbeidar/Miljøterapeut:

Ynskeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller bachelorgrad innan eit relevant fagområde.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge.

Eigenskapar

Du inspirerer born og vaksne og bidreg til livsglede og lærelyst. Du skapar engasjement for å sikra godt læringsmiljø og læringsresultat. Du er roleg, tolmodig og engasjert. Du har eit positivt elevsyn, er ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell. Du er opptatt av å skapa gode relasjonar til elevane. Du er positiv, fleksibel og likar samarbeid. Du likar utfordringar og er løysingsorientert. Du kommuniserer godt med kollega, elevar og føresette. Vi ser det som ein styrke om du har erfaring med fådelte skular og har evne til å tilpassa deg raske endringar.

Me tilbyr

Me tilbyr ein jobb i ein kommune som prioriterer eit trygt og godt skulemiljø.
Tett samarbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.
Ein digital skulekvardag kombinert med tradisjonelle læremiddel.
Mentorordning for nyutdanna lærarar.
Godt leiarteam.

Annan informasjon

Me ser fram til å høyra frå deg! Bli med og gjer ein forskjell på Skånevik skule!
Ved arbeid i skule, barnehage, sfo, kulturskule og miljøarbeidstenesta skal det leggast fram godkjend politiattest.
Ved arbeid i skule/barnehage eller pleie og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på negativ tuberkuloseundersøking før oppstart i jobb dersom du har budd/opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn 3 mnd. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjonen.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8c582a46-c54e-43eb-aee8-9fe6e3c1768e

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3567149_214517_nn

Lignende annonser