Hopp til innhold

Inntil 100% fast lærarstillling ledig frå 27. april 2026

Arbeidsgiver

Etne kommune Enge skule

Sted

Strondavegen 21, 5590 Etne

Om jobben

Stillingstittel
Lærar, inntil 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Enge skule er ein 1 - 10 skule med 436 elevar og ansvar for all vaksenopplæringa i kommunen. Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa. Enge skule er ein flott skule både ut og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.

Skulen har ledig inntil 100% fast lærarstilling f.o.m. 27.04.2026.

Arbeidsoppgåver

Undervisningsoppgåver i 1-10 skulen.

Lærar på ungdomssteget.

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning der norsk er eitt av faga.

Ønskeleg med formell kompetanse i norsk som andrespråk.

Søkjaren må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar og beherske nynorsk som er opplæringsspråket i Etne kommune.

Gode digitale dugleikar.

Eigenskapar

Me ynskjer lærarar som er tydelege klasseleiarar, har eit positivt elevsyn og gode samarbeidsevner.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, med vekt på dugleik. 

Det blir forventa at tilsette er engasjerte i utviklingsarbeidet til skulen.

Me tilbyr

Eit triveleg arbeidsmiljø med god delingskultur. Me tek vare på kvarandre på Enge skule og trivst godt i lag.

Å få vere med å utvikle prosjektet grenser + forventningar = god oppvekst

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Annan informasjon

Den som blir tilsett må vise fram politiattest av nyare dato. Kopiar av attestar og vitnemål på norsk må leggast ved søknaden.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Nina Larsen Ness

+47 53 75 81 82

nina.larsen.ness@etne.kommune.no

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

115087a6-208f-4f84-a541-101fe2198ca2

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3596963_213801_nn

Lignende annonser

Inntil 100% fast lærarstillling ledig frå 27. april 2026 - arbeidsplassen.no