Hopp til innhold

Spanande stilling ledig som avdelingsleiar på ungdomssteget ved Enge skule!

Arbeidsgiver

Etne kommune Enge skule

Sted

Strondavegen 21, 5590 Etne

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Enge skule, 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Enge skule har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar for ungdomssteget, der leiarressursen utgjer 80% medan 20% er undervisning. Me søkjer etter ein avdelingsleiar som arbeidar godt både sjølvstendig og som ein del av leiarteamet på Enge skule. Leiarteamet på Enge skule består av rektor og tre avdelingsleiarar.

Arbeidsoppgåver

• Personalansvar på ungdomssteget
• Pedagogisk leiing
• Eksamensansvarleg
• Leie utviklingsarbeid saman med resten av leiarteamet på skulen
• Ansvar for sakshandsaming knytt til individuelt tilrettelagt opplæring
• Ansvar for fag- og timefordeling saman med resten av leiarteamet
• Ansvar for timeplanlegging saman med dei andre avdelingsleiarane
• Ansvarleg for delegerte oppgåver frå einingsleiar

Kvalifikasjonar

• Godkjent fagleg og pedagogisk utdanning
• Ønskeleg med erfaring frå ungdomsskule
• Ønskeleg med god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Ønskeleg med utdanning i skuleleiing og leiarerfaring frå skule

Eigenskapar

• Høg arbeidskapasitet med god gjennomføringsevne
• Høg grad av fleksibilitet og gode samarbeidsevner
• Trygg, og evner å stå i vanskelege sakar
• Tydeleg og løysingsorientert
• Det vil bli lagt stor vekt på personleg dugleik

Me tilbyr

• Ein spanande stilling i eit arbeidsmiljø av hyggelege, engasjerte og utviklingsorienterte kollegaer
• Å få vere med å utvikle prosjektet grenser + forventningar = god oppvekst
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

Annan informasjon

Enge skule er ein 1-10 skule med til saman 436 elevar fordelt med 177 elevar på småsteget, 109 elevar på mellomsteget og 150 elevar på ungdomssteget. Det er ein avdelingsleiar for kvart steg, i tillegg har skulen SFO leiar og leiar for vaksenopplæringa.

Enge skule er ein flott skule både ute og inne. Skulen har store uteområde, og ungdomssteget sitt uteområde, Skakkeringen, er heilt nytt.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Nina Larsen Ness

+47 53 75 81 82

nina.larsen.ness@etne.kommune.no

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

913fa886-8221-4867-967a-39c17a0683e3

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3596823_213801_nn

Lignende annonser