Vil du vera med å bidra til at Vindafjord kommune får gjennomført prosjekt til gode for heile kommunen?
Vindafjord kommune Kommunaltekniske tenester
Østbøvegen 2, 5585 Sandeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Ingeniør/prosjektleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 26. april
Vindafjord kommune har ledig ein 100% fast stilling som ingeniør/prosjektleiar.
I Vindafjord kommune har me mange spennande prosjekt innan fleire fagfelt. Stillinga vil få ansvar for oppfølging av ulike prosjekt innan kommunen sin investeringsplan.
Vi søkjer ein prosjektleiar som har god teknisk kompetanse og forståing, og som har eit ønskje om å løfte eigne fagområde, og kan jobba i samarbeid med kollegaer til beste for innbyggjarane.
Du må vera god til å ta avgjersler, setje i verk handlingar og følgje opp gjennomføringa av desse. Det er viktig at du har evne til å støtte og rettleie i prosjektgjennomføringa, og at du har positiv innverknad på dine omgjevnader.
Stillinga er ein del av kommunaltekniske tenester som er lokalisert på teknisk bygg i Sandeid. Her jobbar ein samansveisa gjeng med både drift- og prosjektleiingsoppgåver.
Kva får du jobba med hos oss?- Prosjektering av bygg, veg og VA-prosjekt.
- Følgje opp og ha kontakt med konsulent ved prosjektering av større prosjekt.
- Utarbeida anbod og gjennomføra anbodskonkurransar
- Utarbeide kontrakt, SHA- og HMS-dokumentasjon
- Følgje opp prosjekt og løysa praktiske utfordringar som dukkar opp undervegs
- Prosjektstyring, økonomioppfølging og rapportering på eigne prosjekt
- Dokumentere utført arbeid og følgje opp entreprenørar
- Sikre god overføring frå prosjekt til drift.
- Grunnforhandlingar
- Publikumskontakt
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for fleksitid
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Relevant ingeniørutdanning eller teknisk fagskule, eller liknande relevant utdanning og erfaring.
- Prosjektleiarerfaring, god økonomiforståing og erfaring med kostnadsestimering og oppfølging
- God digital forståing og effektiv bruk av moderne arbeidsverk
- Trivst med å ta ei aktiv rolle i samarbeid med andre og kommuniserer godt med interne og eksterne aktørar
- Du må ha førarkort for personbil
- Erfaring frå kommunal sakshandsaming er ein fordel
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- God samarbeidsevne og positiv serviceinnstilling
- Resultatorientert, med evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Serviceinnstilt og løysingsorientert
- Du tar initiativ og held deg fagleg oppdatert
Personlege eigenskapar vil bli vesentleg vektlagt.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5672ed3e-483c-4687-86de-3bfde36f078b
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3612509_229877_nn