Ledig stilling i Etne kommune
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidar, 100% fast i turnus
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. mars
Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm.
Me er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustader knytt til personalbase.
Me gir og tenester til andre personar som bur rundt i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år.
Tenesta har ca. 7 årsverk fordelt på vernepleiarar, pedagog, bachelor i sosiologi og ca. 17 årsverk fagarbeidarkompetanse.
Me har fokus på godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene, fagleg og personleg utvikling. Me har langvakter kvar 4. helg og noko langvakter i vekene.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er variert, med vekt på individuelt tilpassa tenester.
- Drive aktivt miljøarbeid
- Primærkontakt oppgåver
- Samarbeid med pårørande
- Dokumentasjon
- Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø
- Medikamenthandtering
Kvalifikasjonar
- Godkjent helsefagarbeidar, anna relevant fagbrev/ utdanning kan bli vurdert.
- Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Erfaring fra miljøarbeid er å føretrekke.
Eigenskapar
- Me leitar etter deg som er positiv og klarar å finna løysningar.
- Du har god fagleg innsikt og tryggleik.
- Du er fleksibel og har god arbeidskapasitet.
- Er flink til å skape gode relasjonar til menneske
- Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
- Personlege og skikka egenskaper vert sterkt vektlagt ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Ein aktiv og variert kvardag
- Årsturnus
- Fagleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø å trivast i
- Pensjonsopptening i KLP
Annan informasjon
- Ein må ha førarkort kl B
- Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
87e0e9b8-ec43-4924-957b-19cf35fe73a0
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3598349_214835_nn
Lignende annonser
Ferievikarar Miljøarbeidstenesta
Arbeidsgiver
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Sted
Etne
Fagarbeidarstillingar i skulane og på SFO i Etne kommune
Arbeidsgiver
Etne kommune Oppvekst og kultur
Sted
Etne
Kvilande nattevakt, fast
Arbeidsgiver
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Sted
Etne