Hopp til innhold

Fin stilling å kombinera med skule

Arbeidsgiver

Etne kommune Miljøarbeidstenesta

Sted

Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne

Om jobben

Stillingstittel
Kvilande nattevakt, fast
Type ansettelse
Fast, deltid 23%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 5. mars

2 stillingar nr 1=23,24% nr 2= 16,9%

Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm. Me er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustadar knytt til personalbase.

Me gir og tenester til andre personar som bur rundt i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år. Me har fokus på godt arbeidsmiljø, god kvalitet på tenestene, fagleg og personleg utvikling.
Me er ei eining i vekst og me treng deg som er interessert i å jobba med ungdom/voksne med ulike hjelpebehov. Den kvilende vakta er i hovudsak hos ungdommar som er på avlastning ei helg i månaden samt ein dag i veka. Stillinga er fin å kombinera med skule eller anna jobb.

Arbeidsoppgåver

Kvilande nattevakt i eigen bustad og følga opp ungdom som er på avlastning i miljøarbeidertenesta.
Vera ein trygg vaksen
Gi bistand til ein god døgnrytme i vekedagar når ungdommen skal på skulen.

Kvalifikasjonar

  • Assistentar i eit helsefagleg utdanningsløp
  • Helsefagarbeidar
  • Barne- og ungdomsarbeidar
  • Andre med relevant kompetanse/ erfaring kan bli vurdert.

Eigenskapar

  • Trygg vaksen
  • Rolig og tillitskapande
  • Me leitar etter deg som er positiv og klarar å finna løysningar.
  • Du har god fagleg innsikt og tryggleik
  • Du er fleksibel og har god arbeidskapasitet.
  • Har gode evner til relasjonsbygging
  • Personlege eigenskaper vert sterkt vektlagt ved tilsetjing

Me tilbyr

  • Ein aktiv og variert kvardag
  • Årsturnus
  • Fagleg utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø å trivast i
  • Pensjonsopptening i KLP

Annan informasjon

Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Line Natvig

94 82 20 98

line.natvig@etne.kommune.no

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a6b033cf-c57e-4fc7-865d-09037a7bb2b5

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3598311_214835_nn

Lignende annonser