Ferievikarar ønskes til Miljøarbeidstenesta Etne kommune
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar Miljøarbeidstenesta
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Inntil 100% stilling.
Ferien nærmar seg og våre ansatte treng ferie. Då har me behov for fleire som kan erstatta dei i ferieavviklinga.
Då er detta noko for studentar og andre som har lyst på ein superkjekk og aktiv sommarjobb.
Tenesta er for innbyggarar med særskilde behov som tildømes utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm.
Me er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustader og to avlastningsbustader knytt til personalbase.
Me gir og tenester til andre personar som bur rundt i kommunen. Det er lagt vekt på kompetansebygging gjennom fleire år.
Tenesta har ca. 25 årsverk fordelt på vernepleiarar, sjukepleiar, pedagog, bachelor i sosiologi og ca. 17 årsverk fagarbeidarkompetanse.
Me har fokus på godt arbeidsmiljø, og gi brukarane av våre god kvalitet på tenestene me levere, fagleg og personleg utvikling.
Me har langvakter kvar 4. helg og noko langvakter i vekene.
Våken og kvilande nattevakter.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet er variert, med vekt på individuelt tilpassa tenester.
- Drive aktivt miljøarbeid
- Samarbeid med pårørande
- Dokumentasjon
- Ha medansvar for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Som ferievikar er det fint at:
- Du er fylt 18 år
- Student/ elev i helsefagleg utdanning
- Studentar i andre yrkesgrupper som har lyst på ein jobberfaring som vil gi deg god kompetanse på relasjonsbygging og samhandling.
- Har kapasitet til å jobbe store deler av sommaren
Eigenskapar
Me leitar etter deg som er positiv og klarar å finna løysningar.
- Du er stabil og trygg.
- Du er fleksibel og har god arbeidskapasitet.
- Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon.
- Personlege og skikka eigenskapar vert sterkt vektlagt
- Likar å snakke med menneske
Me tilbyr
Ein aktiv og variert kvardag
- Turnus
- Eit godt arbeidsmiljø å trives i
- Pensjonsopptening i KLP
Annan informasjon
- Ein må ha førerkort kl B
- Den som blir tilsett må framvise godkjent politiattest før oppstart.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ef5dc5a1-af79-42fe-a10e-79e7b9361bc0
- Sist endret
19. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3598415_214835_nn
Lignende annonser
Miljøarbeidar, 100% fast i turnus
Arbeidsgiver
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Sted
Etne
Sommarvikar i pleie og omsorg 70-100%
Arbeidsgiver
Etne kommune Pleie og omsorg
Sted
Etne
Fagarbeidarstillingar i skulane og på SFO i Etne kommune
Arbeidsgiver
Etne kommune Oppvekst og kultur
Sted
Etne