Rådgivar statistikk og analyse (kollektivtransport)
Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar statistikk og analyse (kollektivtransport)
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 2. desember
Vi søker ein analytisk og samfunnsengasjert rådgivar som vil bidra med innsikt og kunnskap for å utvikle kollektivtilbodet i Møre og Romsdal.
Vi står midt i eit teknologisk skifte, og søker ein rådgivar som i tillegg til å beherske tradisjonelle analysemetodar, også har interesse for nye verktøy innan simulering, prediktiv modellering og kunstig intelligens.
Stillinga er plassert i kollektivavdelinga FRAM, som er Møre og Romsdal fylkeskommune si merkevare for kollektivtrafikk. Fylkeskommunen har ansvar for 20 fylkesvegferjesamband og 4 hurtigbåtsamband, og det blir produsert om lag 20 millionar rutekilometer med buss kvart år.
Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan sjølv velje kontorstad.
Arbeidsoppgåver
• Samle inn, bearbeide og analysere data knytt til kollektivtransport.• Utarbeide statistikk og analysar som støttar strategisk arbeid og politiske prosessar.
• Utarbeide prognoser for komande kontraktar for buss, båt og ferje.
• Bruke AI-baserte verktøy for prediksjon og innsiktsgenerering.
• Formidle statistikk og innsikt gjennom å lage rapporter og analyser.
• Samarbeide med interne fagmiljø og eksterne aktørar
• Bidra til å utvikle datadrivne verktøy
Kvalifikasjonar
• Høgare utdanning innan samferdselsplanlegging, økonomi, logistikk, statistikk og analyse.• Erfaring med databehandling og analyseverktøy (t.d. Excel, Power BI).
• Gode analytiske evner.
• God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne.
• Det er ein fordel om du har erfaring med utarbeiding av prognoser og handtering av store datasett.
Personlege eigenskapar
• Har evne til å forstå og analysere data for å gi innsikt og beslutningsgrunnlag.• Samarbeider godt i team og på tvers av fag- og kompetanseområde.
• Trivst i rolla som formidlar og snakkar enkelt om komplekse saker og statistikk med andre.
• Er sjølvstendig og evner å prioritere mellom oppgåver.
• Er ein lagspelar som kan vere med å utvikle fagområdet og det sosiale fellesskapet på ein god måte.
Vi tilbyr
• Eit aktivt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.• Ein arbeidsplass som legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen.
• God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling.
• Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring.
• Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Merete Maurset, Seksjonsleiar strategi og styring FRAM , 92614970, Merete.Maurset@mrfylke.noStig Helle-Tautra, Avdelingssjef Fram, 93404626, Stig.Helle-Tautra@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5041762331
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.
FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte
Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.
Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7401f3a8-ec5e-4365-852e-cf37c986aac9
- Sist endret
14. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a65c23777e0447599b58ace176610df9
Lignende annonser
Rådgiver
Arbeidsgiver
HAMNØY AS
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Kommunalområde Samfunn, Plan og bygning
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Miljø og samferdsel, Kommunalområde Samfunn
Sted
Ålesund