Hopp til innhold

Rådgivar tilrettelagt transport

Arbeidsgiver

Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N, Julsundvegen 9, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar tilrettelagt transport
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

TT-ordninga er eit tilrettelagt transporttilbod for personar som, på grunn av varig funksjonsnedsetjing eller helseutfordringar, ikkje kan nytte ordinær kollektivtransport. I TT-ordninga får du ei sentral rolle i forvaltninga av ei viktig fylkeskommunal teneste, med tett samarbeid både internt i organisasjonen og mot eksterne aktørar. 

Arbeidet spenner frå nær dialog med brukarar og oppfølging av individuelle saker, til utarbeiding av politiske beslutningsgrunnlag og samarbeid på tvers av fylke. Stillinga gir òg høve til å bidra aktivt i digitaliserings‑ og kvalitetsarbeid, der du vil vere med på å vidareutvikle effektive prosessar og gode, brukarvenlege tenester for innbyggarane. Vi søkjer etter to kanidatar.

 

Arbeidsoppgåver

·        Ansvar for drift og forvaltning av TT-ordninga i Møre og Romsdal 
·        Saksbehandling knytt til søknader, regelverk og vedtak, i tillegg til forberedelse av saker til klagenemnda 
·        Økonomioppfølging, budsjett og rapportering 
·        Rettleiing og dialog med brukarar og andre aktørar 
·        Bidra til kvalitetssikring og vidareutvikling av rutinar, prosedyrar og digitale system for skyssforvaltning.  
·        Bidra til utvikling og forbetring av ordninga i tråd med gjeldande regelverk og politiske føringar

Kvalifikasjonar

·        Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan økonomiske og administrative fagretningar,  jus eller helsefag.
·        Erfaring med saksbehandling i offentlig forvaltning er en fordel.
·        God forståing for økonomioppfølging og budsjettarbeid

Personlege eigenskapar

·        Strukturert og sjølvstendig 
·        Samarbeidsorientert og løysingsretta 
·        Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg 
·        Serviceinnstilt og trygg i møte med brukarar og samarbeidspartar 
·        Engasjement for kvalitetsutvikling og gode tenester for brukarane 

Personlig egnethet vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

·        Ei meiningsfull stilling med stor samfunnsverdi 
·        Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
·        Eit godt fagmiljø og tverrfagleg samarbeid 
·        Gode pensjons- og forsikringsordningar 
·        Fleksibel arbeidstid 
·        Pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Harald Harstad, Driftsleiar FRAM, 91396789, harald.harstad@mrfylke.no
Marianne Nerås , Teamleiar forvaltning , 95448570, marianne.neras@mrfylke.no

Arbeidsstad

Fosnagata 12
6509 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5125041978
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Marianne Nerås

Teamleiar forvaltning

95448570

marianne.neras@mrfylke.no

Harald Harstad

Driftsleiar FRAM

91396789

harald.harstad@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Fylkeskommunen har ansvaret for kollektivtrafikk i fylket. Den er også den største vegeigaren i Møre og Romsdal med ansvar for 3300 kilometer fylkesveg. Vi har nær 180 medarbeidarar med kontorlokasjonar i Ålesund, Molde og Kristiansund. Samferdselsområdet er organisert med 2 fagavdelingar; FRAM kollektivavdeling og Fylkesvegavdeling.

FRAM er ansvarleg for buss, hurtigbåt og fylkesvegferjer, og skal sørge for at kollektivtilbodet i Møre og Romsdal vert drifta og utvikla på ein effektiv, god og miljøvenleg måte 

Fylkesvegavdelinga har ansvar for trafikktryggleik, utvikling, utbygging, forvaltning og drift av fylkesvegar i Møre og Romsdal.

Samferdselsområdet har et solid kompetansemiljø innen sine fagområder. 

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Samferdselsområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bfb92905-f975-49bb-a7f9-abad5f8d4ddf

Sist endret

11. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2fc37550113c47d6b1b80c4ad01bcd9d

Lignende annonser

Laster lignende annonser