Hopp til innhold

Rådgivar rekneskap

Arbeidsgiver

Seksjon for økonomi og verksemdstyring, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar rekneskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 27. mai

Er du klar for å bidra til at sentral rekneskapsfunksjon i eit av dei større og meir utfordrande rekneskapssfagmiljøa i regionen leverar høg kvalitet og utviklar seg i tråd med den digitale utviklinga? Møre og Romsdal fylkeskommune har eit breitt og solid fagmiljø innan rekneskap – og som rådgivar får du ein unik moglegheit til å arbeide tett på og på tvers av heile dette miljøet. Stillinga tilbyr ei brei og utviklande rolle som spenner frå dagleg rekneskapsføring til effektivisering, forbetring og kompetanseheving på rekneskapsområdet i heile organisasjonen.

Vi søker etter ein sjølvstendig, strukturert og målretta medarbeidar i 100 % fast stilling. Har du god rekneskapsforståing, god systemforståing og ei evne til å sjå utviklingspotensial, kan dette vere stillinga for deg. 


Arbeidsoppgåver

Du får arbeide med:

  • Dagleg rekneskapsføring
  • Avstemmingar, dokumentasjon og kvalitetssikring av rekneskapen
  • Innrapportering til det offentlege (meirverdiavgift, KOSTRA mm)
  • Vidareutvikling, standardisering og dokumentasjon av prosessar, rutiner og løysingar
  • Fagleg støtte og opplæring, samt kontaktpunkt internt og eksternt
  • Superbrukarrolle for system, herunder rolle- og tilgongsstyring

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har høgare relevant utdanning innan rekneskap eller revisjon, gjerne med:

  • erfaring frå offentleg sektor eller større organisasjonar
  • praktisk rekneskapserfaring
  • erfaring frå kunde- og leverandørkontakt og fagleg støtte til andre medarbeidarar
  • erfaring frå Visma Enterprise eller andre større ERP-system
  • gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftlig og munnleg

Personlege eigenskapar

Vi søker deg som: 

  • er strukturert, nøyaktig og effektiv
  • er initiativrik og sjølvgåande
  • har god gjennomføringskraft og leverer kvalitet til rett tid
  • ser moglegheitar for forbetring
  • er serviceinnstillt og har gode samarbeidsevne

Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit stort fagmiljø
  • faglege utfordringar og moglegheit til å påverke utvikling av rutinar og prosessar
  • ei variert og utviklande rolle som kombinerer operative oppgåver med utvikling og forbetring
  • tilgong til eit godt fagleg nettverk
  • offentleg pensjonsordning, gruppeliv- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Magnus Hjelmstad, Økonomisjef, +47 91630707, magnus.hjelmstad@mrfylke.no
Grete Rødal, Rekneskapssjef, +47 97689190, grete.rodal@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5124752889
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Grete Rødal

Rekneskapssjef

+47 97689190

grete.rodal@mrfylke.no

Magnus Hjelmstad

Økonomisjef

+47 91630707

magnus.hjelmstad@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6e7458a4-7c2c-4ea3-bc53-b2ffc20373ea

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

2279057696524dbbab81c0ae9e76b3e8

Lignende annonser

Laster lignende annonser