Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta
Aurland kommune
Vangen 1, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tilkallingsvikarar i bu- og miljøtenesta
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest torsdag 7. august
Om stillinga
Vil du gjere ein forskjell? Me treng tilkallingsvikarar i bu og miljø!Er du engasjert, omsorgsfull, og ynskjer å bidra til ein meiningsfull kvardag for andre? Då kan dette vere jobben for deg!
Om oss:
Vi tilbyr tenester til personar med nedsett funksjonsevne gjennom bufellesskap, avlastning og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Tenestemottakarane våre har ulike behov for hjelp i kvardagen, og me jobbar for å sikre at dei er delaktige i eige liv. Målet vårt er å skape trygge, gode og meiningsfulle dagar for kvar enkelt brukar.
- Er omsorgsfull og tolmodig
- Har godt humør og evne til å skape gode relasjonar
- Kan arbeide fleksibelt, også på kveld, natt, helg og langvakter
- Er open for ein gjevande og meiningsfull jobb, til dømes studentar eller andre med ledig tid
Arbeid og ansvarsområde
- støtte bebuar til ein aktiv og sosial kvardag
- hjelpe til med daglege gjeremål
- legge tilrette for ein god og meiningsfull kvardag.
Me tilbyr
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff (lokal stige for sjukepleiarar og vernepleiarar)
- minimum 6 års ansiennitet for fagarbeidarar / tilsette med høgskuleutdanning
- ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 over tariff)
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Me vil legge vekt på desse personlege eigenskapane:
- imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar
- trygg på deg sjølv, ansvarsfull og tolmodig
- fleksibel og løysningsorientert
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestlova av nyare dato
Det ynskjeleg med førarkort klasse B.
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg minimum på B2 nivå. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon om søknadsprosessen
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktperson for stillingen
Catrine Moberg-Jordalen
avdelingsleiar bu og miljø
+4745878548
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
59eb2539-e074-499a-8549-7232557e6e34
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258958