Hopp til innhold

Personleg assistent 

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Personleg assistent
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Om stillinga

Me har ledig ei mellombels stilling som brukarstyrt personleg assistent frå snarast. Stillinga er eit vikariat i om lag 70 % fram til 17.08.26, med moglegheit for både utvida stillingsprosent og forlenging av perioden.  Dette ved å kombinere vikariatet med meir jobb i tiltaket, eller annan jobb i bu og miljø.

Stillinga er til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren bur i eige husvære saman med familien, og nyttar ei helg i månaden  i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.

Personleg assistanse er organisert under kommunalområde helse og omsorg, avdeling bu og miljø. Bu- og miljø vart oppretta i 2018. Det er om lag 30 tilsette ved avdelinga.

Me gir omsorg og oppfylging til brukarar med ulike behov. Meistring av kvardagslege aktivitetar og sosial deltaking står i fokus. Me jobbar aktivt for å sikre fagleg kvalitet og gode tenester. Tenester som heildøgns omsorg i bufelleskap, brukarstyrt personleg assistent (BPA), avlasting, støttekontakt og omsorgsstønad ligg til eininga. Me har også ansvar for å bygge opp aktivitetstilbod til målgruppa.

Me har høgt fokus på fagutvikling, og jobbar aktivt for å sikre gode tenester. 


Arbeid og ansvarsområde

Me ynskjer at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.

Han treng også hjelp til:

  • praktiske og daglege gjeremål
  • transport til ulike aktivitetar med meir
  • personleg stell 
  • trening
  • måltid
  • nytte hjelpemidlar
  • helseoppfylging  

Me tilbyr

  • løn etter tariff 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ekstra laurdag og søndagstillegg (+ kr 10 per time over tariff)
  • gratis inngang til treningsrom og symjehall i Aurlandshallen (førebels velferdsordning)
  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

 

Video: https://youtu.be/aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • helserelatert utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav for tilsetjing 
  • erfaring frå arbeid i helse og omsorg er ynskjeleg
  • personlege eigenskapar er ein viktig del av kvalifikasjonsvurderinga for denne stillinga
  • førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Me vil vektlegge gode samarbeidsevner og desse personlege eigenskapane: 

  • imøtekomande, tillitsbyggande og kan skape gode relasjonar 
  • trygg på deg sjølv i rolla di, ansvarsfull og tolmodig 
  • fleksibel, løysningsorientert og taklar stress i periodar 

Vi ser etter deg som er fleksibel, omsorgsfull, tolmodig, som ynskjer å gjere ein forskjell, og ha eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre.

Verdiane våre er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
  • krav om politiattest etter helse- og omsorgstenestelova av nyare dato, skal vere levert og vurdert innan du byrjar i stillinga

Turnusen er delt opp med dagvakter og seinvakter. Det kan også vere aktuelt med helg m/døgnvakt. Det kan vere moglegheit for å slå saman vakter slik at ein kan jobbe langvakter i vekedagar. Det kan også leggast til rette for korte vakter på helg om det er ynskjeleg. 

 


Krav til språk

Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

NB! Me overfører tilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.


Kontaktpersoner for stillingen

Catrine Moberg-Jordalen

avdelingsleiar bu og miljø

+4745878548

catrine.moberg.jordalen@aurland.kommune.no

Thomas Grindheim

ass. avdelingsleiar bu og miljø

+4790691843

thomas.grindheim@aurland.kommune.no

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 820 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16f1360d-20ef-4c70-a2d9-e4b3bf5a8e01

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10280915

Lignende annonser