Hopp til innhold

Ferievikarar ved institusjonstenester og heimetenester

Arbeidsgiver

Aurland kommune

Sted

Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar institusjons- og heimetenester
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Om stillinga

Me treng ferievikarar i perioden 29.06. - 16.08.26  på desse stadane i helse og omsorg:

1. institusjonstenester
2. heimetenester - inkludert dagsenter
 
 Skriv i søknaden: 

  • kvar du ynskjer å jobbe. Skriv stad eller nummer på stillinga (1 - 2) i prioritert rekkefylgje, eventuelt om du vil jobbe fleire stadar
  • kva periode kan du jobbe
  • om du ynskjer å jobbe langvakter

Det er 3-delt turnus (dag / kveld / natt / helg), men også med moglegheit for langvakter


Arbeids- og ansvarsområde

  • OPPGÅVER INSTITUSJONSTENESTER: 
    - pleie og omsorg til pasientane 
    - hjelp til personleg hygiene
    - tilsyn
    - rapportere til sjukepleiar om pasientane sine behov og observasjonar / endringar 
    - dokumentere / journalføre i elektronisk pasientjournal
    - samarbeid med ulike faggrupper og tverrfagleg samarbeid
    - vere med pasientane i aktivitetar ved avdelinga, turar med elektrisk sykkel, gå- eller trille tur
    - sosialt samvær som til dømes: sjå bilete og film frå nær og fjern, lese avisa, songstund
    - oppgåver ved postkjøken Aurland helsetun, knytt til måltid
     
  • OPPGÅVER HEIMETENESTER:
    - yte naudsynt helsehjelp, stell, pleie, tilrettelegging og god omsorg
    - førebyggande og rehabiliterande helsearbeid
    - samarbeid med ulike faggrupper og tverrfagleg samarbeid
    - dokumentere / journalføre i elektronisk pasientjournal
    - praktisk bistand som å støvsuge, reingjere golv og bad, skifte på seng, vask av kle, innkjøp av matvarer og utlevering av middag
    - aktivitetar ved dagsenteret

Me tilbyr

  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • løn etter tariff 
  • ekstra laurdags- og søndagstillegg (kr 10 over tariff)
  • sjukepleie- / vernepleiestudentar som har fullført medikamentprøve får i tillegg til tariffløn kr 10 000
  • studentar under høgskuleutdanning får løn tilsvarande fagarbeidarstilling dersom utdanninga er relevant for stillinga
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • gratis inngang til symjehallen

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI

Kvalifikasjonar

  • For å dekke desse tenestene treng me sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøterapeutar, studentar og pleiemedarbeidarar / assistentar.
  • Det er en fordel med erfaring innan pleie og omsorg.
  • Søkarar som har hatt jobb hos oss tidlegare, vil bli prioritert.

Personlege eigenskapar

Me søker deg som har lyst til å jobbe med pasientar og brukarar i Aurland kommune, helse og omsorg.

Det vert difor lagt stor vekt på personlege eigenskapar, og vi ynskjer at du;

- har interesse, og er motivert til å jobbe innan helse og omsorg
- er audmjuk, fleksibel og løysingsorientert
- har evne til samarbeid, og kan kommunisere godt med pasientar,     brukarar og kollegaer
- tek initiativ, og er engasjert, slik at pasientane skal trivast best    mogleg 
- har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- har godt humør og er positiv
- tek nye utfordringar

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

  • tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
  • me ynskjer at du fyller 18 år i løpet av 2026, men yngre søkarar kan også få tilbod om sommarjobb
  • for å jobbe i heimetenesta må du ha førarkort, klasse B og kunne køyre bil med manuell gear
  • me vil prøve å imøtekome ynskje om arbeidsstad og arbeidstid så langt det let seg gjere
  • det blir stilt krav om ny politiattest jamfør helsepersonellova

Krav til språk

Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.


Generell informasjon 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere. 

Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.

Sommarjobb i vest 2026: #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest


Kontaktpersoner for stillingen

Marit Irene Aas Nesheim

avdelingsleiar heimetenester

+4795984641

marit.irene.aas.nesheim@aurland.kommune.no

Ingrid Finden Bekkedal

avdelingsleiar institusjonstenester

+4795984639

ingrid.finden.bekkedal@aurland.kommune.no

Om bedriften

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.

På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ea41f05b-eded-4d72-a035-ff160afecba1

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10286028

Lignende annonser

Ferievikar i avdeling MMNF (menneske med nedsett funksjonsevne)

Arbeidsgiver

Voss herad MMNF Felles

Sted

Voss