Eit vikariat som logoped
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- Logoped
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. februar
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef for oppvekst. I eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-tenesta, helsestasjon, jordmor, barnevern og vaksenopplæring. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, og folkehelse og livsmeistring er eitt av fleire prioriterte satsingsområde.
PPT-tenesta har kontorlokale på Helsehuset i Austevoll kommune. Tenesta har i dag ti tilsette og er eit tverrfagleg fagmiljø som består av logoped, rådgjevarar, spesialpedagogar, ungdomslos og utøvande pedagog for barnehage. Tenesta samarbeider tett med barnehagar, skular og andre relevante instansar i kommunen.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2025, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Om stillinga
Stillinga som logoped inneber ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og moglegheit til å påverke eiga arbeidstid. Arbeidet er i hovudsak retta mot barn og unge, men noko oppfølging av vaksne må òg påreknast.
Du vil møte barn, unge og føresette med ulike behov, og stillinga krev god evne til fagleg vurdering, planlegging og samarbeid med barnehage, skule og andre faginstansar.
Stillinga er eit vikariat med moglegheit for forlenging.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Utgreiing, kartlegging og logopedisk oppfølging av barn og unge med språk-, tale- og kommunikasjonsvanskar, inkludert stemmevanskar, taleflytvanskar, afasi og svelgevanskar. Noko arbeid med vaksne må påreknast.
- Rådgjeving og rettleiing til barnehagar, skular og føresette i arbeid med språk- og kommunikasjonsutvikling.
- Bidrag i kartleggings- og sakkunnig arbeid i PPT, mellom anna knytt til språkvanskar.
- Samarbeid med relevante faginstansar og tenester, i tråd med gjeldande lovverk og nasjonale føringar.
- Arbeidsoppgåvene kan endrast over tid i takt med tenestebehovet.
Kvalifikasjonar
Formelle kvalifikasjonskravKrav- Mastergrad i logopedi, eller annan relevant utdanning som gir formell kompetanse til å arbeide som logoped i Noreg.
- Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil i arbeidstida. Køyregodtgjersle blir gitt etter gjeldande satsar.
- Eventuelle internasjonale utdanningar må vere godkjende av NOKUT.
- Erfaring frå logopedisk arbeid innan oppvekst- og/eller helsesektoren, til dømes frå skule, helseteneste eller PPT.
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid i grunnskule eller PPT.
- Fagleg engasjert og motivert for å vidareutvikle logopedisk praksis.
- Sjølvstendig og strukturert i arbeidet, med evne til å ta initiativ og følgje opp eigne saker.
- Tydelig og trygg i kommunikasjon på norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode samarbeidsevner og trivst i tverrfagleg arbeid og team.
- Relasjonsorientert og observant i møte med barn, føresette og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spennande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for heimekontor i avgrensa omfang, tilpassa arbeidsoppgåver og tenestebehov
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
53ad671e-20fc-4dc2-bc3d-17b3ff7074c0
- Sist endret
30. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10279715
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø
Arbeidsgiver
Enhet for vurdering og rehabilitering, Bergen kommune
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Austevoll kommune
Sted
Storebø