Fastlege
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlege
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Om arbeidsstaden
Austevoll legesenter er eit kommunalt fastlegekontor i Austevoll kommune på Vestlandet. Legekontoret har til saman sju fastlegeheimlar og LIS-1 lege, helsesekretærar, sjukepleiarar og primærhelseteam. Gode fasiliteter med tidsriktig utstyr inkludert ultralyd. Fastlegene betener også legevakt 24/7/365.
Kommunen står for drifta kor du som lege får drive med fag i staden for administrasjon. Vi er opptekne av berekraftige helsetenester kor fastlegane kan trivast i jobben over mange år og ha ein fleksibel kvardag med stor grad av autonomi.
Det er viktig for oss at våre legar har ein overkommeleg kvardag med god balanse mellom jobb og fritid. Det er godt tilrettelagt for dagpendling frå Bergensområdet, og det kan også tilretteleggast for vekependling ved behov.
På Austevoll legesenter er vi opptekne av fagutvikling og innovasjon. Kommunen sine helsetenester er samlokalisert i moderne lokaler med gode fasilitetar. Det er ambulansebåt i kommunen. Vi jobbar tverrfagleg og teambasert for å halde høg fagleg standard på tenestene våre og vi forsøker å løyse mest mogleg av pasientane sine helsebehov lokalt.
Vi har eit godt arbeidsmiljø med høgt fokus på trivsel for våre tilsette.
Vi søker
- Spesialist i allmennmedisin eller ALIS lege med rett på ALIS tilskudd
- Må ha førerkort klasse B
- Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
- Pliktig deltaking i p.t. 7-delt legevakt
- Personlege eigenskapar og lokal erfaring blir vektlagt
- Inntil 20% andre offentlige oppgaver kan påreknast
VI ønsker ikkje førespurnader frå vikarbyrå, ver vennleg og respekter dette.
Kvalifikasjonskrav
Formelle kvalifikasjonskrav:- Norsk autorisasjon som lege
- spesialist i allmennmedisin, eller kvalifisert til ALIS
- Har gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førerkort klasse B
- Plettfri vandel, framvisin av politiattest ved tilsetting
- Du er triveleg og engasjert
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
- Brenn for allmennmedisinfaget og pasientane
- Du er løysingsorientert og pliktoppfyllande
- Gode fagkunnskaper og ferdigheiter
- Interesse for akuttmedisin
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig fastlønn på dagtid og legevakt.
- Gode pensjonsordningar
- For tida sjølvstendig næringsdrivande på legevakt, vaktklasse 1 (Dette kan bli endra).
- Vaktbustad og legevaktbil er til rådigheit på legevakt.
- Rettleiar, supervisjon og tellande teneste for ALIS lege.
- Legespesialistar får moglegheit til å vidareutvikle karrieren med fag eller forsking etter ønske.
Slik søker du på stillinga
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta 25.000 kroner av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
721906f2-dfcc-4c2d-9272-6cb6687bba63
- Sist endret
10. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10286153