Hopp til innhold

Barnevernkonsulent - 100% vikariat

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø

Om jobben

Stillingstittel
Barnevernkonsulent - 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Om arbeidsstaden

Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å legge til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Barneverntenesta har ledig vikariat som barnevernkonsulent. Barneverntenesta består i dag av fire tilsette, inkludert leiar. Vi held til i lyse og trivelige lokale på Storebø. 


Om stillinga

Austevoll kommune har ei lita barnevernteneste, men vi har store visjonar og vi treng deg med på laget! 

I Austevoll barnevernteneste jobbar vi saman som eit team. Hos oss får du moglegheit til å vere viktig i nokon sitt liv og bidra til å beskytte barn og unge i samfunnet. Vi har stort fokus på kvalitet i alle avgjerder vi tar. Brukarmedverknad og samhandling på tvers av einingar er høgt prioritert. Vi er ein del av «laget til barnet». 

Grunna foreldrepermisjon, har vi ledig eit vikariat i 100 % stilling med oppstart snarast og varigheit til 01.08.27, med moglegheit for forlenging eller fast tilsetting.

Ansvars- og arbeidsoppgåver 

Som barnevernskonsulent har du ansvar for å undersøke at barn og unge har det godt der dei bur, og bidra til at familiar får den hjelpa dei treng. Dette kan mellom anna innebere:

  • Saksbehandling etter barnevernslova
  • Arbeid med undersøkingar og tiltak i og utanfor heimen, fosterheim og institusjon
  • Utgreiing av barn sin omsorgssituasjon, saksframstilling og vere kommunen sin part i sakar som vert fremma for Barneverns- og helsenemnda
  • Samtalar med barn, unge og deira føresette
  • Tiltaksarbeid direkte mot barn eller familier
  • Godkjenning og rettleiing av besøksheimar og fritidskontaktar
  • Førebyggande barnevernsarbeid saman med andre tenester
  • Delta i utviklingsarbeid på fagområde
  • Noko reiseverksemd og ettermiddagsarbeid må påreknast i stillinga. Dette kan også gjelde reise med fly til andre deler av landet. 

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav
  • Stillinga krev fortrinnsvis bestått bachelorgrad i sosialt arbeid, sosionom eller barnevernspedagog
  • Søkarar med anna relevant høgskuleutdanning på bachelornivå kan vurderast dersom du har master i barnevern, kan vise til minimum 2 års erfaring frå kommunal barnevernteneste, eller har allsidig erfaring frå arbeid med barn og foreldre som er relevant for arbeid i barneverntenesta
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Krav om å framvise politiattest
  • Førarkort for bil
Ønsker
  • Relevant vidareutdanning er ein fordel
  • COS, EFT, Marte Meo eller anna rettleiingskompetanse
  • Erfaring frå kommunal barnevernteneste vil bli vektlagt
  • Evne til systematisk og effektivt arbeid blir vektlagt
  • Evne og vilje til fleksibilitet
  • Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
  • Har evne til å møte barn og deira føresette med openheit, audmjukskap og respekt
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har god arbeidskapasitet og tåler å arbeide under press med korte tidsfristar
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Har god evne til fagleg refleksjon, til å jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Det er ein føresetnad at du har forståing for barn sin medverknad og dokumentasjonskravet som ligg i stillinga

Vi tilbyr

  • Å få jobbe i ei barnevernteneste som er involvert i fleire spennande utviklingsprosjekt
  • Fagleg utvikling i eit kompetent, engasjert og godt arbeidsmiljø, med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Ein variert arbeidskvardag med spanande og utfordrande oppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstige pensjonsordningar, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode velferdsordningar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.


Kontaktperson for stillingen

Ingrid Blindheim Haugland

Barnevernsleiar

+4745377242

ingrid.blindheim.haugland@austevoll.kommune.no

Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.

Kommunen har eit folketal på om lag 5500 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.

Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

28b802e4-4e03-48f6-8727-b3da04832e9d

Sist endret

18. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10287565

Lignende annonser

Laster lignende annonser