ID 2438 Rettleiar i oppfølgingsteamet - NAV Stord kommune
Stord kommune
Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- rettleiar, sosionom, velferdsarbeider, sosialfagleg utdanning
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Ynskjer du å bidra til at fleire skal få moglegheiter i arbeidslivet og utgjer ein skilnad? Då kan du vera personen me ser etter!
Nav Stord er regionskontoret i Sunnhordland. Me er per i dag om lag 60 tilsette. Ein vil vere tilsett og ha kontorstad på Nav Stord, men det er forventa at ein er ute i møter hjå eksterne samarbeidspartar i stillinga.
Me søkjer ein dedikert rettleiar til oppfølgingsteamet på Nav Stord. Rettleiarane i oppfølgingsteamet driv oppfølging av menneske med behov for bistand for å kunne delta i arbeidslivet. Me ser etter deg som ser viktigheita av heilskapleg oppfølging, samt samarbeid med arbeidsgivarar, helsevesenet og andre aktuelle partar i tråd med samfunnsoppdraget til Nav.
Det er frå 01.08.26, ledig fast 100% stilling som rettleiar i oppfølgingsteamet. Arbeids- og ansvarsområde:-
Kartlegge og avklare den einskilde sine ressursar, moglegheiter og oppfølgingsbehov
-
Oppsøkje og skape dialog med verksemder i nærområdet og regionen
-
Ha tett oppfølging av brukarar med fokus på motivasjon, meistring og arbeid
-
Bidra til gode relasjonar internt og eksternt, og bruke relevante tiltak og verkemiddel for arbeidsinkludering
-
Gjere vurderingar, saksbehandla og dokumentere med utgangspunkt i aktuelt lovverk som folketrygdlova, forvaltningslova og Nav-lova
Nav er ein organisasjon i stadig utvikling og endring, og arbeids- og ansvarsområdet for stillinga kan difor endre seg etter behov.
Kvalifikasjonskrav: Du må ha:-
Minimum 3-årig relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag, samfunnsfag og juridiske fag.
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
-
Erfaring frå oppgåver som krev samarbeid med andre
-
Førarkort kl. B
-
God digital kompetanse
-
Kjennskap til LEAN-metodikk
-
Erfaring frå oppfølgingsarbeid, rettleiing eller motivasjonsarbeid
-
Forståing for forvaltning av lovar og reglar
-
Er ein god relasjonsbyggar
-
Jobbar strukturert, kan dokumentere løpande og veksle mellom ulike arbeidsoppgåver
-
Tek ansvar for eigen fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
-
Har indre motivasjon for å hjelpe menneske i ulike livssituasjonar
-
Er målretta og arbeider systematisk
-
Er tydeleg, løysingsorientert og har gode samhandlingsevner
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
I søknadsteksta ber me deg skrive noko om kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.
Me kan tilby:-
Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
-
Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
-
Eit arbeidsmiljø med høg trivsel som er prega av godt kvalifiserte og engasjerte medarbeidarar
-
Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson:
Siv-Iren Sijtsema, Avdelingsleiar for Oppfølgingavdelinga ved Nav Stord Tlf. 48071015 siv-iren.sijtsema@nav.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3e5bffc6-4d33-499c-bc88-be5bee326033
- Sist endret
26. mars 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3e5bffc6-4d33-499c-bc88-be5bee326033