Hopp til innhold

Har du engasjement for unge menneske og tru på moglegheiter gjennom arbeid og aktivitet?

Arbeidsgiver

Nav Sogndal, Tenester til arbeidsgjevar

Sted

Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Rådgivar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 6. mai

Me søkjer ein målretta og motivert rådgivar i ei eittårig stilling.

Er du flink til å byggje relasjonar og har lyst til å jobbe i eit fagleg dyktig og engasjert team? Då kan du bli vår nye kollega.

Stillinga som ungdomsrettleiar ved Nav Sogndal er statleg og inngår i eit regionalt ungdomsteam i Sogn. Teamet har ansvar for arbeidsretta oppfølging av unge i alderen 16–30 år i heile regionen, i samsvar med Nav sin ungdomsgaranti.

Stillinga er eit vikariat grunna permisjon hos ein av våre medarbeidarar, med oppstart 17. august 2026 og varigheit til 31. juli 2027.


Kva går jobben ut på?

  • arbeidsretta oppfølging av unge i alderen 16-30 år i heile regionen, i samsvar med Nav sin ungdomsgaranti
  • kartleggje ressursar, hindringar og moglegheiter for arbeid, kvalifisering eller aktivitet
  • samhandle med behandlarar, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre for å nå brukar sitt mål om arbeid, kvalifisering eller aktivitet
  • rettleie i bruk av Nav sine digitale tenester
  • gjennomføre møte med arbeidsgivarar og samarbeidspartar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå frå universitet eller høgskule, til dømes sosialfagleg eller pedagogisk utdanningsretning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • relevant erfaring med rettleiing eller oppfølging av ungdom
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • førarkort kl. B
Det er ein fordel om du har
  • kjennskap til utdanningsmoglegheiter
  • kjennskap til arbeidslivet og erfaring frå samarbeid med arbeidsgivarar eller utdanningsinstitusjonar
  • erfaring frå saksbehandling eller liknande arbeid frå offentleg sektor
  • kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag

Kva ser vi etter hos deg?

  • evne til å jobbe sjølvstendig og du likar å jobbe i team
  • god relasjonskompetanse
  • arbeider målretta og strukturert
  • trygg og tydeleg i møte med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartar
  • evne til å motivere og engasjere for å gi menneske moglegheiter

Kvifor velje oss

  • spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
  • godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • relevant opplæring og gode høve til utvikling
  • fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622.000 - 643.000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Rigmor Wathne, Avdelingsleiar, 472 86 676, rigmor.wathne@nav.no

Arbeidssted

Sognefjordvegen 56
6863 Leikanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5117139265
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 06.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Rigmor Wathne

Avdelingsleiar

472 86 676

rigmor.wathne@nav.no

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

129b8986-5ab5-47e5-b0e0-8d962fc75d4e

Sist endret

23. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d8ae2e81da804fd7949bed8bfd73ecb4

Lignende annonser

Laster lignende annonser