Me søkjer ein målretta og motivert rådgivar
Vikariat som rådgivar - Nav Sogndal
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger
Om jobben
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Stillingstittel
- Rådgivar
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 12. mai
Nav Sogndal har ledig eit vikariat i 100 % stilling som rådgivar. Vikariatet er i første omgang på eit år. Stillinga er del av eit regionalt oppfølgingsteam som arbeider på tvers av heile region Sogn, og omfattar kommunane Luster, Årdal, Lærdal, Aurland, Vik og Sogndal.
Stillinga er ledig frå snarast, og arbeidsstad er Nav Sogndal.
Hovudoppgåva di vil vere å bidra til at fleire kjem i arbeid, utdanning eller annan form for aktivitet. Du vil følgje opp personar som har behov for rettleiing og støtte for å meistre overgangen til arbeid eller kvalifisering, og arbeidet skjer i tett samarbeid med både interne og eksterne aktørar.
Kva går jobben ut på?
- rettleiing og individuell oppfølging av vaksne over 30 år med helseutfordringar som treng bistand for å kome i arbeid, kvalifisering eller aktivitet
- kartlegging av ressursar, utfordringar og moglegheiter knytte til arbeid og aktivitet
- samhandling med behandlarar, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar for å nå brukarane sine mål
- rettleiing i bruk av Nav sine digitale tenester
- gjennomføring av møte med arbeidsgivarar og samarbeidspartnarar
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha- fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for utdanningskravet.
- gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, samt god skriftleg framstillingsevne
- kjennskap til og interesse for Nav sitt samfunnsoppdrag
- gode digitale ferdigheiter
- erfaring med rettleiing, saksbehandling eller liknande arbeid, gjerne frå offentleg sektor
- kjennskap til arbeidslivet og erfaring med samarbeid med eksterne aktørar
- førarkort klasse B
Kva ser vi etter hos deg?
- evne til å jobbe sjølvstendig, og du likar å jobbe i team
- god relasjonskompetanse
- arbeider målretta og strukturert
- trygg og tydeleg i møte med arbeidsgivarar og andre samarbeidspartar
- evne til å motivere, engasjere og skape moglegheiter for andre
Kvifor velje oss?
- spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver innafor eit viktig samfunnsområde
- godt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- relevant opplæring og gode høve til utvikling
- fleksitidsordning med moglegheit for heimekontor og trening i arbeidstida
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 rådgivar med lønnsspenn frå kr. 622.000 - 643.000 per år. For særleg kvalifiserte søkjarar kan noko høgare løn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Torill Nesheim, Nav-leiar Vik, 41256164, Torill.nesheim@nav.noRigmor Wathne, Avd.leiar Nav Sogndal, 47286676, rigmor.wathne@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5118214624
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.05.2027
Søknadsfrist: 12.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d9aed169-39c8-48f4-8f32-10512fbae5a7
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
93585b47d4824fb6857871878c7ef36c