Hopp til innhold

Helsesjukepleiar for tryggleik, støtte og vekst

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Helsestasjon

Sted

Plassen 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

Helsestasjonen i Sogndal søkjer engasjert helsesjukepleiar som vil gjere ein forskjell!  

Hjå oss vert du ein del av eit engasjert og tverrfagleg fagmiljø som er viktige støttespelarar for barn, unge og familiar. Me følgjer familiar gjennom svangerskap og spedbarnstid, og vidare i barnehage-, skule- og ungdomsår - med fokus på førebygging, meistring og trivsel. Som helsesjukepleiar bidreg du inn i dette viktige arbeidet og møter mennesker i ulike livssituasjonar med fagleg tryggleik og varme. 

Me har eit sterkt og mangfaldig fagmiljø med helsesjukepleiarar, barnekoordinator, miljørettleiarar og psykologar. Me er samlokalisert med jordmor-, fysioterapi- og ergoterapitenesta, og samarbeider tett med andre tenester i og utanfor kommunen slik at barn, unge og familiar får den støtta dei treng til rett tid. 
 

No har me ledig ei stilling: 

  • 100 % vikariat i perioden 01.08.26 – 30.06.27 (Me er fleksible med tanke på oppstartstidspunkt)

Arbeidsoppgåver 

  • Arbeidsoppgåvene følgjer dei nasjonalfaglege retningslinjene for helsefremjande og førebygjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste 

  • Tverrfagleg samarbeid og teamarbeid 

  • Arbeid i både skulehelsetenesta og helsestasjonen kan vere aktuelt 

  • Arbeidsoppgåver og arbeidsstad vert avtala ut frå kvalifikasjon og drift 

Kven er du?  

  • Helsesjukepleiar, eller sjukepleiar under helsesjukepleiarutdanning 

  • Sjukepleiarar kan vurderast ved fråvær av kvalifiserte søkjarar 

  • Du kommuniserer godt og evne til å skape gode relasjonar til barn, unge og familiane 

  • Du er fagleg trygg, strukturert, fleksibel og samarbeidsvillig 

  • Du trivst i eit variert arbeidsmiljø og brenn for førebyggjande arbeid 

  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar  
     

Me tilbyr 

  • Variert og meiningsfull arbeidskvardag 

  • Godt fagmiljø og tett samarbeid med andre tenester  

  • Kollegarettleiing 

  • Dagarbeid, fleksitid og leasingbil 

  • Gode velferds-, forsikrings- og pensjonsordningar 

Reiseverksemd må påreknast. Søkjar må ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i tenesta. Du må beherske norsk munnleg og skriftleg.   


Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  Søknad må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.  


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Margrete Ølmheim Husum

99286120

margrete.olmheim.husum@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

8948dcfe-1b4e-47d0-b686-b5bb33a34851

Sist endret

11. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3626837_211973_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser