Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Sted

Ohnstadhaugen 15, 6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 17. mai

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til heimetenesta på Leikanger.

No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega.

 

Som sjukepleiar i heimetenesta vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuar og brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.

 

Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling som sjukepleiar:

  • 100% fast stilling i turnus ledig frå 01.08.26
  • For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for 4. kvar med langvakter.

     

    Arbeidsoppgåver:

    • Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta
    • Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
    • Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til brukarar heime.
    • Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
    • Vurdere behov og planlegge pleie i samarbeid med brukar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing.
    • Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
    • Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar.
    • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
    • Ivareta godt pårørandesamarbeid
    • Legemiddelhandtering og administrering

     

    Sentrale ansvarsområde:

    • Pasientflyt
    • Pasientjournalsystem
    • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
    • Medikamenthandtering
    • Tverrfagleg samarbeid
    • Velferdsteknologi

     

    Kvalifikasjonar:

    • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
    • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
    • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.
    • Førarkort klasse B

     

    Personlege eigenskapar:

    • Er løysingsorientert og positiv
    • Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar
    • Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
    • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
    • Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
    • Er ansvarsfull og serviceinnstilt
    • Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
    • Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.

     

    Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.

     

    Me tilbyr:

    • Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
    • Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
    • Lønn etter tariff
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Gode velferdsordningar
    • Godt fagleg miljø
    • Tilrettelagt turnus med 3. kvar helg og moglegheit for langvakter.

     

    Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.

    Alle søknadar må sendast inn via EasyCruit og innan søknadsfristen. 

     


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Anne Brennset Gjerland

    Avdelingsleiar heimetenesta

    91812767

    anne.brennset.gjerland@sogndal.kommune.no

    Om bedriften

    Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5aa77e61-167a-4df5-b790-1ff9454098b6

    Sist endret

    29. april 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3623177_194681_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser