Hopp til innhold

Avdelingsleiarar i heimesjukepleien

Arbeidsgiver

Sogndal kommune Heimetenesta avd Sogndal

Sted

Plassen 2, 6856 Sogndal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 18. juni

Heimesjukepleien i Sogndal kommune skal styrke drifta og lyser no ut 2 stillingar som avdelingsleiar.  

Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i den nye driftsriggen for heimesjukepleien.   

Heimesjukepleien har stor breidde i oppgåvene og i brukargruppa. Me leverer helsehjelp og oppfølging til innbyggjarar som treng tenester i eigen heim, og arbeider for at flest mogleg skal kunne bu trygt heime så lenge som mogleg. Arbeidskvardagen er variert, og du må trivast med både folk, fag, drift og dei avklaringane som må takast undervegs.  

Om rolla 
Som avdelingsleiar har du personalansvar og eit viktig ansvar for at avdelinga fungerer godt i det daglege. Du skal vere tett på medarbeidarane, bidra til god struktur og vere med og byggje ei teneste der folk kjenner ansvar, meistring og retning. 

Du må like å leie andre og vere oppteken av å få fram det beste i dei du har rundt deg. Samstundes må du tole å stå i avgjerder, handtere krevjande situasjonar og samarbeide godt på tvers for å finne løysingar som fungerer for både tilsette og innbyggjarar.  

Arbeidsoppgåver 
Som avdelingsleiar vil du mellom anna ha ansvar for: 

  • Personalansvar og oppfølging av medarbeidarar 

  • Turnusarbeid og bemanningsplanlegging 

  • Å bistå gruppeansvarleg i vanskelege saker 

  • Samhandling med tenesteleiar, fagansvarleg sjukepleiar, driftskoordinatorar og andre samarbeidspartar 

Andre oppgåver kan kome til som del av den samla drifta i heimesjukepleien. 

Kvalifikasjonar 
Me ser etter deg som har: 

  • Relevant leiarutdanning eller dokumentert leiarerfaring frå helse- og omsorgssektoren 

  • Erfaring frå endringsarbeid 

  • Erfaring med personaloppfølging, økonomistyring og ressursplanlegging 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 

  • Førarkort 

Det er ynskjeleg med erfaring frå helse og omsorg, eller helsefagleg utdanning.  

Personlege eigenskapar 
For å trivast i rolla bør du vere trygg i møte med folk og tydeleg i måten du leier på. Du må kunne lytte, prioritere og ta avgjerder når det trengst.  

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.  

Me tilbyr 
Hos oss får du ei leiarrolle tett på både folk og drift. Du blir med på å utvikle heimesjukepleien vidare, i ei tid der gode strukturar, god samhandling og rett bruk av kompetanse blir stadig viktigare.  

Du får: 

  • Ei viktig leiarrolle i heimesjukepleien 

  • Eit fagmiljø med brei kompetanse 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Løn etter avtale 

Litt om oss 
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og rundt 1300 medarbeidarar. Me er regionsenteret i Sogn, og vertskommune for over 3000 studentar gjennom studieåret.  

Kvar dag leverer me tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar. Me ønskjer å vere ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune, og treng medarbeidarar som vil vere med og utvikle gode tenester vidare.  

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hos oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar blir gjorde med ei prøvetid på 6 månader. 

I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.   

Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjord.  

Søknad må leverast innan fristen og sendast inn via rekrutteringssystemet vårt. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elen Kristine Otterhjell

elen.kristine.otterhjell@sogndal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1af41a50-39fa-4b0b-bd1e-33dbac7f6f7e

Sist endret

29. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3632529_198627_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser