Skog i Sogn har ledig 100 % fast stilling som rådgjevar
Vik kommune Plan og forvaltning
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar i 100 % fast stilling i Skog i Sogn
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Skog i Sogn er eit felles fagmiljø for den kommunale skogforvaltinga i dei seks kommunane til Sognaregionen. Samarbeidet har tre stillingar (2,6 årsverk) som har som oppgåve å forvalte, utvikle og utnytte skogressursane i Sogn.
Arbeidsgjevar vil vera Vik kommune med planlagt kontorbase i Vik, men ein må pårekna reiseverksemd i kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
ArbeidsplassenStillinga ligg i tenesta for plan og forvaltning i sektoren samfunn. Avdelinga arbeidar med plansaker, miljø, landbruk, byggjesak, kart og oppmåling. Kontorarbeidsplass vil vera på kommunehuset i Vik.
Arbeidsoppgåver- Rettleia og handsama saker etter skoglova med tilhøyrande forskrifter
- Oppfølging av konkrete prosjekt på vegar i hovudplan skogsvegar, skogsdrift og skogkultur
- Forvalte ulike tilskotsordningar for skogbruket og gjera kontroll av desse
- Leggje til rette for kurs og opplæring innan skogbruk og bruk av tre
- Bidra med fellesprosjekt for å nytta skogressursane
Det vert lagt opp til ein kombinasjon av eit fagleg samarbeid og sjølvstendig arbeid med høve til fagleg drøfting og rettleiing.
Kvalifikasjonar- Høgare utdanning innan skogbruk. Utdanning i utmarksforvaltning, naturforvaltning eller anna relevant utdanning kan bli vurdert. Relevant praksis og erfaring er positivt.
- God kjennskap til landbruk, skogbruk, relevant regelverk og digital verktøybruk er ynskjeleg
- Erfaring frå offentleg forvaltning vil vere ein fordel
- Det vert stilt krav om førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og positiv
- Ryddig, strukturert og systematisk
- Du er sjølvstendig og tek ansvar
- Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide med andre
- Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Me tilbyr- Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kommunesamarbeid
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar
- Avskriving på studielånet, jf. vedtak i Stortinget
- Løn etter avtale
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
SøknadsprosedyreAlle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be9af2dd-9602-419c-b45e-edc1af846ff4
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3623337_248679_nn