Hopp til innhold

Rådgjevar/seniorrådgjevar - beredskap

Arbeidsgiver

Statsforvaltaren i Vestland

Sted

Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, Solheimsgaten 13, 5058 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - beredskap
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 21. mai

Om stillinga

Er du oppteken av samfunnstryggleik og beredskap? Vi har ledig to faste stillingar på beredskapsseksjonen hos oss, ein med kontorstad Leikanger og ein med kontorstad Bergen.

Statsforvaltaren har ansvar for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i fylket, og skal vere ein pådrivar og rettleiar for det. Kontakten med kommunane er sentral, og vi skal særleg rettleie og drive tilsyn med oppfølginga av deira beredskapsplikt. Utviklinga av det lokale og regionale totalforsvaret er og ei viktig oppgåve. 

Statsforvaltaren i Vestland har seks avdelingar, og beredskapsseksjonen høyrer til under kommunalavdelinga. Seksjonen har eit breitt spekter av oppgåver, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Du må rekne med ein del reiseaktivitet, og bør difor ha førarkort.


Arbeidsoppgåver

I stilling vil du mellom anna jobbe med
  • oppfølging av kommunal beredskapsplikt gjennom rettleiing og tilsyn 
  • analysar av risiko og sårbarheit 
  • utvikling av det lokale og regionale totalforsvaret 
  • planlegging og gjennomføring av øvingar 
  • evaluering av øvingar og reelle hendingar 
  • oppfølging av samfunnstryggleik i kommunal planlegging 

Du vil vere ein del av krisestaben til Statsforvaltaren og det kan vere aktuelt å inngå i ei eventuell vaktordning. Andre oppgåver innan samfunnstryggleik og beredskap kan òg vere aktuelle.


Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som 

  • har minimum treårig utdanning frå høgskule/universitet med relevante fag, gjerne innan samfunnstryggleik. I særskilte tilfelle kan lang og relevant praksis kompensere for dette.
  • har erfaring frå offentleg forvalting, gjerne frå kommunal sektor, og/eller arbeid med samfunnstryggleik og beredskap eller samfunns-/arealplanlegging
  • kan tryggleiksklarerast 
  • har førarkort klasse B 
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på bokmål og nynorsk

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som
  • kan formidle komplekse problemstillingar på ein tydeleg og forståeleg måte
  • kommuniserer godt med kollegaer og eksterne aktørar
  • arbeider sjølvstendig, målretta og effektivt
  • er initiativrik, fleksibel og positiv

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
  • trening i arbeidstida
  • delvis heimekontor 
  • fleksibel arbeidstid
  • løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vil du jobbe hos oss? | Statsforvaltaren i Vestland

Kontora våre i Leikanger og Førde ligg i kommunar som er omfatta av den nye ordninga for sletting av studiegjeld. Det vil seie at etter eitt år som yrkesaktiv kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.


Vi ønskjer mangfald

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv. Aktuell tilrettelegging kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endringar av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer tilsette med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing.

Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. 


Vilkår

Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå HK-dir

Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga. 

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 560 000–770 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse.  For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. 

Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.

Tenestemålet til embetet er nynorsk.

Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.


Kontaktpersoner for stillingen

Synnøve Stalheim

kommunaldirektør

+4757643004

synnove.stalheim@statsforvalteren.no

Haavard Stensvand

fylkesberedskapssjef

+4791577432

haavard.stensvand@statsforvalteren.no

Om bedriften

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

34c57b11-a372-4459-a1b6-7aa17521bd56

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293807

Lignende annonser

Laster lignende annonser