Hopp til innhold

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar/assistent

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Lærdal, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, sjukepleiarstudent, assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og samtidig få stort fagleg utbytte? 

Lærdal sjukehus har ledige stillingar ved medisinsk sengepost for helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, sjukepleiarstudentar eller assistentar:

  • 1 x 70 % fast stilling
  • 1 x 100 % vikariat frå snarast til 01.09.2027

Stillingane er ikkje planlagde delte. 

Medisinsk sengepost har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger og driftar for tida 2 interkommunale senger. Om lag 95 % av innleggingane er akutt hjelp, og dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. 

Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheitar for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.

Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide i 2-delt turnus, og kvar 3.helg
  • Pasientrelatert arbeid
  • Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
  • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
  • Opplæring og rettleiing av studentar/lærlinger
  • Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
  • Pasientdokumentering (Meona og Dips)

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha godkjent norsk autorisasjon
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Må kunne nytte dei datasystema som er knytt til rolla, slik at faglege og juridiske krav blir ivaretekne

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • Du trist i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
  • Du er fagleg engasjert
  • Du arbeiderstrukturert og målretta

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilgang til personalhytte på Filefjell
  • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)


Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5126630773
Stillingsprosent: 100, 70%
Vikariat, Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Marit Fossheim Ottersen

Einingsleiar

(+47) 479 06 594

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

295c3eec-62d8-4fc1-b6d0-62b749a4a2e7

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d797690d78704c7cb5a887045d45b5b0

Lignende annonser

Laster lignende annonser