Hopp til innhold

Har du lyst til å få verdifull erfaring frå kommunehelsetenesta i sommar?

Arbeidsgiver

Lærdal kommune Helsesenter

Sted

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar Lærdal helsesenter
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 2. juni

I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir. Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.Lærdal helsesenter søkjer ferievikarar i perioden 22.06.–31.08.2026. 
Me ser etter deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver, møter pasientar på ein trygg og profesjonell måte, og som likar å arbeide i eit hektisk og triveleg arbeidsmiljø.
 
Me søkjer primært: 
  • autoriserte helsesekretærar, eller  
  • autoriserte sjukepleiarar  
I tillegg kan følgjande verte vurderte: 
  • sjukepleiarstudentar etter fullført 2. studieår  
  • medisinstudentar etter fullført 4. studieår  
Søkjar må vera fylt 18 år.
 
Arbeidstida er måndag – fredag kl. 08.00 – 15.30. Det kan vera aktuelt med arbeid i delar av perioden etter nærare avtale.

 

Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:
  • telefonbetening og pasientkontakt  
  • handtering av førespurnader frå pasientar  
  • timebestilling og administrativt arbeid  
  • laboratoriearbeid, mellom anna blod- og urinprøvar  
  • arbeid på skiftestove, til dømes sårskift og suturfjerning  
  • andre oppgåver ved helsesenteret ved behov  

Me ønskjer at du:  

  • er serviceinnstilt og strukturert  
  • trivst med samarbeid og høgt tempo  
  • kommuniserer godt på norsk, både munnleg og skriftleg  
  • er fleksibel og ansvarsbevisst  
  • Me tilbyr:
    • Løn i tråd med hovudtariffavtalen i KS, med plassering i garantilønstabell, basert på utdanning, kompetanse og erfaring.

    • Gode pensjonsordningar gjennom medlemskap i KLP.

    • Gode personforsikringar som ein del av tilsettingsforholdet.

    • Eit godt og inkluderande fagmiljø med dyktige, kjekke og engasjerte kollegaer.

     Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

    • Full barnehagedekning

    • Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse

    • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum

    • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

    Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

    Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Malin Partenyi

    einingsleiar helse

    +47 479 95 451

    malin.partenyi@laerdal.kommune.no

    Om bedriften

    I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    6fe94536-9227-4f61-bb26-dbca9e208e5c

    Sist endret

    12. mai 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3627249_248527_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser