Hopp til innhold

Sjukepleiarar 

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Lærdal, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
5

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar? 

Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!

Lærdal sjukehus har ledige stillingar for sjukepleiarar ved medisinsk sengepost

  • 2 x  80 % faste stillingar, oppstart snarest
  • 1 x 100 % vikariat, oppstart snarest til 01.09.2027
  • 1 x  90 % vikariat, oppstart snarest til 01.09.2027
  • 1 x  80 %  vikariat, oppstart snarest til 01.09.2027

Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte. 

Sengeposten har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av iInnleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med mykje pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar. 

Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi bli godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente.

Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.

Meir informasjon om Lærdal kan du lese her

Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon. 


Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost
  • Sjukepleie til medisinske pasientar
  • Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg
  • Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga
  • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
  • Bidra i opplæring og rettleiing av studentar
  • Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring innen overvåking blir vektlagt
  • Det er ønskjeleg med videreutdanning innen kardiologi eller intensiv, men ikke absolutt krav
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er fagleg engasjert
  • Du jobbar strukturert og målretta
  • Du er fleksibel og tilpasningsdyktig

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Personalhytte på Filefjell
  • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594

Arbeidssted

Sjukehusvegen 9
6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5126548963
Stillingsprosent: 100, 80, 90%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 25.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Marit Fossheim Ottersen

Einingsleiar

(+47) 479 06 594

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bb483e73-9a22-429d-ad31-9a1f2013a1c1

Sist endret

8. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c132db9710f84ffdb7f890ca7572a1a8

Lignende annonser

Laster lignende annonser