Sjukepleiarar
Medisinsk sengepost Lærdal sjukehus, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
- Oppstart
- 1. juli 2026
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 75%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Ønskjer du å bu på ein liten stad med store moglegheiter? Ønskjer du å arbeide ved eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar?
Lærdal sjukehus har ledige stillingar for sjukepleiarar ved medisinsk sengepost:
- 2 x 75% faste stillingar.
- Stillingane er i utgangspunktet ikkje planlagde delte.
Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar.
Vi har eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi bli godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente.
Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra, og gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har òg personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.
Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.
Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost
- Sjukepleie til medisinske pasientar
- Delta i daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga
- Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
- Delta i opplæring og rettleiing av studentar
- Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar
- Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Gode IKT-kunnskapar
- Erfaring innen overvaking blir vektlagt
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan kardiologi eller intensiv, men ikkje absolutt krav
- Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne
Personlege eigenskapar
- Har eit tydeleg pasientfokus og utøver arbeidet i tråd med faglege og etiske verdiar
- Arbeider sjølvstendig og strukturert, og tek ansvar for eigne oppgåver
- Gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt fagleg og kollegialt miljø
- Fleksibel og trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidareutdanning
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Personalhytte på Filefjell
- Moglegheit for hjelp med bustad ved behov (opplys i søknaden dersom dette er aktuelt)
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5136559726
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.07.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Marit Fossheim Ottersen
Einingsleiar
(+47) 479 06 594
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bc950e8e-8300-4334-8b7c-41054541e83a
- Sist endret
28. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0b7fec0cd32a48b0852e2017d60059b8