Ferievikarar i bu- og miljøtenesta
Årdal kommune Bu og miljøtenesta
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 15
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Bu- og miljøtenesta treng ferievikarar sommaren 2026. Ferievikariatet gjeld for perioden 22.06.26-16.08.26. Som ferievikar må ein pårekne seg å jobbe heile perioden.
Opplæring kan gjennomførast frå vinter- /påskeferie 2026, eller etter avtale.
Arbeidet består i praktisk bistand og opplæring i bufellesskapa. Som ferieavløysar hjå oss skal du følgje brukaren i alle daglege gjeremål, gje
rettleiing og omsorg. Me ynskjer personar som har erfaring og/eller interesse for å arbeide med menneske med nedsett
funksjonsevne.
I tillegg til bufellesskapa, har me også behov for ferievikarar i personlege assistansetiltak. Til desse stillingane ynskjer me både helsefagarbeidarar (studentar/elevar) og assistentar til arbeid i brukarane sine heimar.
Det er ulike turnusordningar i avdelingane. Nokre arbeider i kombinasjonsturnus med korte og lange vakter,
medan andre arbeider lange vakter med utvida arbeidstid. Søkjarane bør helst vera over 18 år, da det er
turnusarbeid.
Alle som skal arbeide hjå oss må ta kurset: "Dette må jeg kunne - gode tjenester til personer med
utviklingshemming" før du startar opplæring.
I nokre av tiltaka er det ein fordel å ha førarkort i klasse B, skriv om du har førarkort.
Løn og tilsetjingsvilkår
Løn vert utbetalt etter kvalifikasjonar/utdanning/ praksis og HTA (Hovudtariffavtalen).
2 % vert trekt til tariff festa tenestepensjon.
Andre opplysningar
Søknader til stillingane vert vurdert fortløpande.
Søknadsfristen kan bli utvida.
Søkjarar må kunne beherske norsk munnleg og skriftleg.
Politiattest vil bli krevd, jfr. Lov om helse- og omsorgstenester.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e3c9028a-6d89-4523-b0c9-d073ccc62b33
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3584759_229359_nn
Lignende annonser
Sommarvikarar i heimetenesta for funksjonshemma 2025
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk, Innlandet, Skjåk
Sommerjobb 2026 og tilkallingsvikarer
Arbeidsgiver
Ecura Bo og Habilitering
Sted
Sogndal
Sommarvikarar i pleie- og omsorgstenesta 2025
Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Sted
Skjåk, Innlandet, Skjåk
Arbeidsgiver
Ecura Bo og Habilitering
Sted
Hafslo, Øvre Årdal, Sogndal, Sogndal