Hopp til innhold

3. års sjukepleiarstudentar

Arbeidsgiver

Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, 6770 Nordfjordeid, Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
3. års sjukepleiarstudentar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 25%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 11. juni

Vi søkjer etter 3. års sjukepleiestudentar for tilsetting i inntil 25% midlertidig stilling som pleieassistent med binding til sommaren 2027.

Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg (fredag - søndag / lørdag - søndag), og i tillegg 5 veker sommaren 2027 som offentleg godkjent sjukepleiar i 100% stilling.

Helse Førde har bonusordningar for jobb 3. kvar helg frå haust 2026 til sommar 2027 og for 5 veker arbeid sommaren 2027. Bonusordningane blir fastsett januar/februar 2027. Dei siste åra har størrelsen vore kr 25.000,-. 

Oppstart stilling:   september 2026 eller etter avtale med leiar på aktuell post. 
Stillingsprosent:    16 - 25

Ber om at søkjar spesifiserar kva post som er ønskjeleg. Nokre avdelingar kan tilrettelegge for langvakter - sjå merka med (*)

Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje, men vil ikkje kvalifisere for bonus og har ikkje bindingstid sommaren 2027.

Kontaktinformasjon seksjonsleiar på aktuelle avdelingar:

Lærdal
  • Medisinsk sengepost, Marit Fossheim Ottersen- (47) 970 10 819 (*)
  • Nordfjord
  • Medisinsk sengepost, Maria Charlotta Berg Langvik - (47) 416 48 264 (*
  • Førde
    • Medisinsk sengepost 1, Magnus Jarl Midtvoll ( 47) 57839306 / 40729970 (*)
    • Medisinsk sengepost 2, Anne Mari Indrebø - ( 47) 57839411 / 90920435(*
    • Ortopedisk sengepost, Håvard Nesse Røneid - (47) 99602854 (*
    • Sengepost, barn og unge, Jorunn Sollid - (47) 99293641
    • Kirurgisk sengepost, Linn Beate Årnes -(47) 95206487
    • Kreft sengepost, Ida Juklestad - (47) 578 39313 / 91136864 (*
    • Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Sirianne Pidic- (47) 57839143/92499376 (*)
    • Føde/gyn/barsel, Beathe Salbu Håkonsen - (47) 57839588 / 90829220 

    Arbeidsoppgåver

    • Utføre pasientretta oppgåver som assistent inntil autorisert sjukepleiar
    • Jobbe som autorisert sjukepleiar sommaren 2027 dersom det er ønskjeleg 

    Kvalifikasjonar

    • 3.års sjukepleiarstudent
    • Første- og andreårs studentar oppfordrast også til å søkje

    Personlege eigenskapar

    • Ha gode samarbeidsevner
    • Vere fleksibel
    • Takle tidvis høgt temp
    • Vere engasjert

    Vi tilbyr

    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Kr 25.000,- ved binding sommaren 2027
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
    • Ein lærerik og utviklande arbeidsstad
    • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
    • Får starte sjukepleiarkarriera på ein arbeidsstad ein allereie er kjent  

     

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Sjå kontaktinformasjon ovanfor

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5133551166
    Stillingsprosent: 25%
    Vikariat
    Søknadsfrist: 11.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sjå kontaktinformasjon ovanfor

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    3af489ce-7f6b-42ed-8059-549ed16150c5

    Sist endret

    28. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    b4ea326d51b447b39c2788268eeda1aa

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser