Helsesekretær / sjukepleiar ved legekontoret
Aurland kommune
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær / sjukepleiar ved legekontoret
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. juni
Vikariat ved legekontoret
Har du lyst å prøve deg i ein utfordrande stilling ved legekontoret for ei periode? Me har ledig vikariat i 100% stilling som helsesekretær / sjukepleiar frå snarast og ut 2026. Vikariatet kan bli forlenga.
Det kan bli aktuelt med endringar i arbeidsstad eller arbeidsoppgåver i løpet av tilsettingsperioden, og stillinga kan ved behov bli omdisponert til annan tenestestad innan helse og omsorg.
Legekontoret har i dag tre fast tilsette legar i alternativ arbeidstidsordning, LIS1-lege og kommuneoverlege. Kommuneoverlegen er spesialist i samfunnsmedisin. Me er eit godt samansett og triveleg fagmiljø med helsesekretærar, fagarbeidar og sjukepleiar.
Me er lokalisert i Fjordsenteret, som ligg fint til ved Aurlandsfjorden.
Som helsesekretær / sjukepleiar hjå oss vil du ta del i den daglege drifta av legekontoret, og bidra til gode pasientforløp.
Arbeids- og ansvarsområde
Vikar som helsesekretær / sjukepleiar ved legekontoret, med desse hovudoppgåvene:
- ekspedisjons- og resepsjonsarbeid
- pasientkontakt, både direkte og på telefon
- timebestilling og administrative oppgåver
- laboratoriearbeid og prøvetaking
- samarbeid og assistering med legar og anna helsepersonell
- registrering i journalsystemet Infodoc
Arbeidsoppgåver kan tilpassast etter kompetanse og erfaring.
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø med erfarne og støttande kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
- god opplæring og rettleiing
- 6 år tilleggsansiennitet for fagbrev og høgskuleutdanning
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
Me vil at du har:
- utdanning som sjukepleiar (godkjent norsk autorisasjon) eller helsesekretær
- kjennskap til journalsystemet Infodoc er ein fordel
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- er serviceinnstilt, strukturert og påliteleg
- kan samarbeide, og kommunisere godt, med pasientar og kollegaer
- har godt humør og er positiv
- tek nye utfordringar
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
- det blir stilt krav om ny politiattest jamfør helsepersonellova, før du kan byrje i vikariatet
Krav til språk
Du bør kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no. Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Kontaktperson for stillingen
Joachim Bendiksen Hagen
Stabsleiar helse og omsorg
+4795984651
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1 860 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, kulturskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing.
På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
916ac77c-8c08-4e12-ba64-ff406c32d171
- Sist endret
20. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10296792