Hopp til innhold

Styrar i Onarheim barnehage

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Fjellveien 29, 5694 Onarheim

Om jobben

Stillingstittel
Styrar i Onarheim barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Om stillinga

Me søker ein tydeleg og trygg styrar i fast 100% stilling i Onarheim barnehage. 

Onarheim barnehage er ein kommunal barnehage i Tysnes kommune, med eit oversiktleg og trygt miljø og nær tilknyting til natur og nærmiljø. Barnehagen held til i eit nytt og moderne bygg frå 2024 og har dette barnehageåret ein avdeling med 24 plassar for barn mellom 1 og 6 år. Det blir lagt vekt på leik, trivsel, inkludering og gode relasjonar i tett samarbeid med foreldre og lokalmiljø.

Styrar har det dagleg ansvaret for leiing og utvikling av barnehagen, og skal sikre at verksemda driv i tråd med barnehagelova, rammeplanen og kommunen sine mål og satsingar. Rollen inneber òg samarbeid med skule, PPT og andre samarbeidspartnarar, samt å ta del i det pedagogiske tilbodet i barnehagen.

Stillinga er ledig frå 01.08.2026.


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg og pedagogisk leiing i tråd med rammeplan og gjeldande lovverk
  • Personalansvar og oppfølging av tilsette  
  • Ansvar for dagleg drift, dagleg økonomi og internkontroll
  • Drive utviklings- og kvalitetsarbeid i barnehagen, og bidra aktivt i kommunen sitt utviklingsarbeid
  • Legge til rette for eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning, eller anna høgskule- eller universitetsutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse
  • Leiarerfaring frå barnehage eller tilsvarande 
  • God kjennskap til barnehagelova med forskrifter, rammeplanen og krav innan miljøretta helsevern i barnehage
  • God økonomiforståing
  • Gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg norsk. Tenestemålet i Tysnes kommune er nynorsk
  • God digital kompetanse og evne til å nytta relevante digitale verktøy

Ønskelege kvalifikasjonar

  • Styrarutdanning
  • Erfaring med utviklings- og kvalitetsarbeid i barnehage eller annan pedagogisk verksemd 

Ved ei eventuell tilsetjing må du legga fram:

  • Politiattest, jf. barnehagelova § 30
  • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er ein tydeleg, trygg og målretta leiar som involverer, kommuniserer klart og motiverer til felles innsats for borna sitt beste
  • Bygger tillit og gode relasjonar internt, med foreldre og barnehageeigar
  • Er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Tek initiativ, er pliktoppfyllande og bidreg aktivt til godt samarbeid
  • Er engasjert i pedagogisk og tverrfagleg utviklingsarbeid og kompetansedeling
  • Taklar eit høgt tempo, samstundes som du evner å prioritere i ein hektisk arbeidsdag
  • Har evne til å jobbe strategisk og langsiktig med gjennomføringskraft i tråd med barnehagen sin årsplan og kommunen sine satsingsområde

Kvifor skal du jobba hos oss?

Hos oss får du ei meiningsfull og variert leiarstilling der du kan påverka utviklinga av barnehagen. Du blir ein del av eit godt fagleg miljø i Tysnes kommune, med samarbeid på tvers av barnehagane. Du får høve til fagleg utvikling og støtte i leiarrolla.

Stillinga er plassert i kapittel 3, med lønn etter avtale og årlege lønnsjusteringar etter lokale forhandlingar. Stillinga er unormert og det vert såleis tildelt 5 kompensasjonsdagar per år.

Tilsetting hos oss gir medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, med gode forsikringsordningar og dessutan moglegheit for gunstige lån. 

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom distriktskommunar. Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar

Synest du dette verkar som ei spennande stilling, eller det er noko du lurer på etter å ha lest annonsen? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersoner


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Wenche Fagerbakk

Einingsleiar barnehage

+47957 48 374

wenche.fagerbakk@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

11d0b27a-dcab-44f4-9c63-9e19e52e69ad

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10294140

Lignende annonser

Laster lignende annonser