Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Ådlandsfjorden barnehage
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent i Ådlandsfjorden barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Vi har ledig 100 % fast stilling som fagarbeidar i Ådlandsfjorden barnehage frå 01.08.26.
Vi søkjer deg som har engasjement for arbeid med barn og ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Ådlandsfjorden barnehage som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) i kvardagen og trygt og godt barnehagemiljø.
Arbeidsstad
Ådlandsfjorden barnehage ligg vakkert til i same bygg som Ådlandsfjorden barneskule. Vi kan nytte skulen sitt uteområdet, fotballbane, ballbinge og gymsal i tillegg til eige uteområdet. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar opparbeida naturleikeplass med flott gamme, ulike klatrenett og har kort veg til sjøen. Vi har to basar og per no 22 barn i alderen 0 – 6 år.
Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen.
Arbeidsoppgåver:
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
- Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år. Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn
- er leiken, tar ansvar, initiativ og er fleksibel
- har gode evner til kommunikasjon og refleksjon
- er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald
- Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Irene Kvåle Foer, Barnehagesjef, mobil: 917 57 972, irfo@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
72f126cb-0951-4f9c-a11a-58fc67e729a1
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3623359_207821_nn