Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule
Klasavegen 10, 5208 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeidar/assistent ved Lunde barneskule og SFO
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. juni
Lunde barneskule og SFO har ledige stillingar i ulike stillingsstorleikar som fagarbeidar/assistent i SFO frå 03.08.26:
- 1-2 faste stillingar i 100% på skule og SFO, samt ferie-SFO
- I tillegg kan ein fast stilling i 39% på SFO verte aktuelt
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020).
Arbeidsstad
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 300 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året. Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære». Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no.
Arbeidsoppgåver
Arbeid med barn i skule og SFO, i opningstida kl.07.30-16.30. I tillegg til skuleruta, har vår skule ferieope SFO for Os-sida av kommunen. Våre nye medarbeidarar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.
Kvalifikasjonar
Fagbrev i barne-og ungdomsarbeidarfaget, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent HK-dir. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
- Vi ønsker ein stabil, strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, og som er glad i å jobbe med barn.
- God relasjonskompetanse, engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
- tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d741202e-4e7f-4034-aa5d-9f7d24535cef
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3630635_207779_nn