Hopp til innhold

Vil du vere med å utgjere en forskjell i Os barnehage i Bjørnafjorden kommune?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Os barnehage

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar ved Os barnehage
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Vi har ledig 100% stilling som barnehagelærar i Os barnehage frå 01.08.26.

Barnehagen treng barnehagelærarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, høg kompetanse og god kvalitet på tilbodet til barn og familier. Vi ser etter deg med eit varmt blikk, du arbeider strukturert og målretta med målene i rammeplanen. Du har erfaring med utviklingsarbeid.
 
Barnehagen sitt overordna mål er "Kvardagen er viktigast", det er i alle dei små tinga vi gjer kvar dag at kvalitet og utvikling veks. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen har satsing på ASK i kvardagen. 
 
Arbeidsstad:
Os Barnehage er ein 8-avdelings barnehage som ligg sentralt til med mange ulike fasilitetar i nærleiken, som idrettsbane, fleire leikeplassar, bibliotek og flotte turområder til både skog, vatn og sjø.
Os barnehage er ein barnehage med eit rikt mangfald frå ulike nasjonar.
 
Arbeidsoppgåver:
- Å jobbe etter kommunen sine satsingsområder, planer og ulike verktøy.
- Planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- I samarbeid med styrar og pedagogisk leiar planlegge og gjennomføre ulike møter.
- Å bidra og følgje opp endring- og utviklingsarbeid.
- Å delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og tilsette.
 
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent fra HR-dir.
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
 
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
 
Vi tilbyr:
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 
- Løn etter gjeldande avtalar.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Styrar Katharina Thuland Søreide

+47 94448508

katsor@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c37138dc-d24e-4ac4-8ec0-072ab6795e25

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3612037_207807_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser