Hopp til innhold

Prosessoperatør? Bli med og køyre opp eit heilt nytt prosessanlegg

Arbeidsgiver

ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS

Sted

Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal

Om jobben

Stillingstittel
Prosessoperatør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

På Engebø har vi bygd eit heilt nytt prosessanlegg for produksjon av rutil og granat. Oppramping av produksjonen er godt i gang, og vi treng fleire prosessoperatørar på laget.

Dette er ein jobb for deg som likar praktisk arbeid, samarbeid og tekniske utfordringar. Hos oss jobbar du både ute i anlegget og i kontrollrom, saman med eit lag som er opptatt av å få ting til å fungere, trygt, stabilt og effektivt.

Anlegget er nytt, og mykje er framleis i utvikling. Det betyr at du ikkje berre driftar eit anlegget, du er også med på å forme korleis vi jobbar framover. Kva går jobben ut på?

Som prosessoperatør vil du vere ein del av prosessteamet. Arbeidskvardagen består blant anna av:

  • Drift og overvaking av prosessanlegget, i kontrollrom og ute i anlegget

  • Oppfølging av prosessar og utstyr i produksjonen

  • Bidra til sikker og stabil drift

  • Delta i kontinuerleg forbetring av produksjon og prosess

  • Samarbeide tett med kollegaer i drift, vedlikehald og leiing

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som likar å jobbe praktisk, og som tek ansvar for å få jobben gjort. Du treng ikkje kunne alt frå før, men du må vere nysgjerrig og villig til å lære.

Vi trur du:

  • Likar å få ting ordentlig gjort og tek ansvar i kvardagen

  • Er løysingsorientert og ser kva som må gjerast

  • Har fokus på sikkerheit og gode arbeidsrutinar

  • Jobbar godt saman med andre, og likar å jobbe i tette team der ein bryr seg om kvarandre

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring frå industri, prosess eller teknisk arbeid er ein fordel

  • Erfaring med IT som arbeidsverktøy

  • Sertifikat på truck, kran eller hjullaster er ein fordel, men ikkje eit krav

  • Du må kunne kommunisere godt på norsk

  • Du bør beherske å snakke litt engelsk

Vi har kollegaer frå fleire land, og engelsken blir brukt i kvardagen. Det viktigaste er at du kan gjere deg forstått, perfekt engelsk er ikkje nødvendig. Vi har sett ved fleire høve, at også dei som ikkje er kjempeerfarne med språk, beherskar engelsken godt med litt øving. Arbeidstid

Vi har behov for operatørar både i:

  • dagtidsstillingar (08--16)

  • skiftordning med 12-timars skift og friperiodar

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss blir du ein del av eit nytt og moderne prosessanlegg der mykje framleis er under utvikling. Det betyr kort veg frå idé til handling.

Du får:

  • eit moderne og nytt prosessanlegg

  • gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø

  • moglegheit til å utvikle deg fagleg

  • ein arbeidsplass med sterk lokal forankring

Arbeidsstad er Engebø i Sunnfjord.

Vi vurderer søknadar fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.

Om bedriften

Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap av Nordic Mining ASA. Vi driv ei berekraftig og innovativ mineralutvinning på Engebø i Sunnfjord, med ei av verdas største førekomstar av titanråstoffet rutil.

Vi er opptatt av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, gjennom lokale arbeidsplassar, teknologiutvikling og aktivitet i lokalsamfunnet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fdf77d80-abeb-44fd-9afe-c103b6523bb4

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

455566761

Lignende annonser

Laster lignende annonser