Hopp til innhold

Vil du vere med å sikre stabil drift i eit moderne prosessanlegg?

Arbeidsgiver

ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS

Sted

Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal

Om jobben

Stillingstittel
Planleggar vedlikehald
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Vi ser etter ein strukturert og teknisk interessert planleggar for vedlikehald som vil spele ei nøkkelrolle i å sikre stabil, sikker og effektiv drift av anlegget vårt.

I denne rolla jobbar du tett med vedlikehald, produksjon, teknisk avdeling og lager for å planlegge, koordinere og følge opp vedlikehaldsarbeid. Du får ei sentral rolle i å utvikle gode vedlikehaldsplanar, sikre riktig ressursbruk og bidra til kontinuerleg forbetring av vedlikehaldsprosessane våre.

Dette er ei stilling for deg som likar struktur, samarbeid og tekniske utfordringar, og som trivst med å ha oversikt over mange aktivitetar samtidig. Dine viktigaste arbeidsoppgåver

  • Planlegge og koordinere vedlikehaldsaktivitetar i anlegget

  • Etablere og vidareutvikle vedlikehaldsplanar i vedlikehaldssystem (CMMS)

  • Planlegge vedlikehaldsstansar i samarbeid med vedlikehald, produksjon og teknisk avdeling

  • Følge opp arbeidsordrar og dokumentere utført arbeid

  • Sikre at rett delar, verktøy og utstyr er tilgjengeleg til rett tid

  • Utarbeide prognosar for reservedelar og melde behov til innkjøp

  • Samarbeide tett med lager og innkjøp om kritiske reservedelar

  • Delta i forbetrings- og effektiviseringsarbeid innan vedlikehald

For å lukkast i rolla trur vi at du

  • Har god forståing for tekniske anlegg og prosessutstyr

  • Jobbar strukturert og har god evne til planlegging og prioritering

  • Likar å samarbeide på tvers av fagmiljø

  • Har god oversikt og evne til å sjå samanhengar mellom drift og vedlikehald

  • Er oppteken av kontinuerleg forbetring

Kvalifikasjonar

  • Relevant teknisk utdanning (fagbrev, teknisk fagskule eller høgare utdanning)

  • Erfaring frå industrielt vedlikehald er ein fordel

  • Erfaring med planlegging eller koordinering av vedlikehaldsarbeid er ønskjeleg

  • Erfaring med digitale vedlikehaldssystem (CMMS) er ein fordel

  • Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

HMS og berekraft

HMS og berekraft står sentralt i verksemda vår. Som planleggar for vedlikehald bidreg du aktivt til å følge opp HMS-rutinar, rapportere avvik og sikre at vedlikehaldsarbeid blir utført på ein trygg og berekraftig måte. Du vil også bidra til tiltak som reduserer sløsing og optimaliserer ressursbruk i produksjonen.

Kvifor jobbe hos oss?

Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som jobbar tett saman for å sikre stabil drift og kontinuerleg utvikling av anlegget. Du får ei viktig rolle i ein organisasjon der samarbeid, sikkerheit og forbetring står høgt på agendaen.

Om bedriften

Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

60e2069c-cc28-45e9-8f02-b1f12ee05534

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

455053054

Lignende annonser

Laster lignende annonser