Hopp til innhold

Vil du jobbe med eit av dei mest moderne mineralanlegga i Noreg?

Arbeidsgiver

ENGEBØ RUTILE AND GARNET AS

Sted

Fjordavegen 2044, 6817 Naustdal

Om jobben

Stillingstittel
Automatikar / instrumentteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Vil du jobbe med eit av dei mest moderne mineralanlegga i Noreg?

Ved Engebø Rutile and Garnet driv vi eit høgteknologisk prosessanlegg der automatisering, instrumentering og gode fagfolk er heilt avgjerande for stabil og sikker drift. No søker vi ein automatikar/instrumentteknikar som vil vere med å utvikle og drifte anlegget vårt vidare.

Hos oss får du jobbe tett på eit moderne prosessanlegg i utvikling, saman med dyktige kollegaer som har høg fagleg stoltheit og sterk arbeidsmoral. Vi likar å få ting gjort, men vi gjer det på ein trygg måte.

Dette er ei rolle for deg som trivst med praktisk arbeid, feilsøking og kontinuerleg forbedring av tekniske system.

Arbeidsoppgåver

Som automatikar/instrumentteknikar vil du mellom anna jobbe med:

  • drift, vedlikehald og utvikling av automatiserte system i prosessanlegget

  • instrumentering og prosessteknisk utstyr

  • feilsøking og optimalisering av automatiserte løysingar

  • bidra til vidare utvikling av automasjon og instrumentering ved anlegget

  • teknisk dokumentasjon og systemoppfølging

  • kompetansedeling og fagleg støtte til elektroteamet

Stillinga inngår i skiftordning (2-skift).

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • fagbrev som automatikar eller tilsvarande elektrofagleg utdanning

  • erfaring med prosessteknisk utstyr og instrumentering

  • minst 2 års relevant erfaring, gjerne frå prosessindustri eller maritimt miljø

  • gode ferdigheiter innan teknisk dokumentasjon

Det er ein fordel om du også har:

  • teknisk fagskule eller tilleggsutdanning innan automasjon/instrumentering

  • erfaring med PLS-, SCADA- eller DCS-system

  • erfaring med instrumenteringsutstyr frå leverandørar som Vega, Krohne eller Endress+Hauser

Personlege eigenskapar

Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:

  • er praktisk anlagt og likar å løyse tekniske utfordringar

  • jobbar strukturert og tek ansvar for kvalitet i arbeidet ditt

  • bidreg positivt i team og deler kunnskap med kollegaer

  • har eit sterkt fokus på HMS og sikker drift

Kvifor jobbe hos oss?

Hos Engebø Rutile and Garnet får du:

  • jobbe ved eit av verdas mest spennande mineralprosjekt

  • varierte arbeidsoppgåver i eit moderne og teknologisk avansert anlegg

  • eit sterkt fagmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

  • gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidare karriere i selskapet

  • eit arbeidsmiljø der samarbeid, ansvar og sikkerheit står i sentrum

Vi vurderer søknadar og kallar inn til intervju fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke.

Om bedriften

Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a9497961-8b74-4a0a-8677-8d1a076ac594

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

455563263

Lignende annonser

Laster lignende annonser