Sommarjobb eller tilkallingsvikar som laboratorieoperatør
Nordic Mining
fjordavegen 2044, 6817 Naustdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Laboratorieoperatør sommarvikar
- Type ansettelse
- Sesong, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Vi ser etter sommarvikar og tilkallingsvikar til laboratoriet vårt.
Vil du vere med på å sikre at vi leverer kvalitet i alle ledd, og bidra til forsking og utvikling innan moderne mineralproduksjon? I Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er vi no på jakt etter fleire sommarvikarar som laboratorieoperatørar som skal jobbe tett på kjerna av produksjonen vår.
I stillinga jobbar ein skift, og har eit sett faste oppgåver. Du må vere tilgjengeleg for opplæring før veke 26.
Arbeidsoppgåver
-
Mottak, registrering og preparering av prøver
-
Analysere prøver etter gjeldande metodar
-
Registrere og rapportere resultat
-
Utføre vedlikehald av laboratorieutstyr
Kven ser vi etter?
Vi ønsker oss, men er ikkje nødvendigvis låst til, kandidatar med relevant utdanning eller erfaring frå laboratoriearbeid. Du kan ha bakgrunn innan kjemi, geologi eller andre realfag, eller du kan vere nyutdanna med skikkeleg driv.
Det viktigaste er at du er nøyaktig, strukturert og har forståing for laboratoriemetodikk og krav til kvalitet.
Søknadsprosess
Vi vurderer kandidatar og kallar inn til intervju fortløpande. Endeleg søknadsfrist er 08.03.2026.
Kjenner du at dette kan vere din neste moglegheit? Då håpar vi du sender oss ein søknad, vi lovar eit lag som både tek arbeid og humor på alvor.
Om bedriften
Engebø Rutile and Garnet AS er eit dotterselskap under Nordic Mining ASA. Vi er ei hjørnesteinsbedrift med lokal forankring som driv ei berekraftig, innovativ og viktig mineralutvinning på Engebø i ei av verdas største forekomster av titanråstoffet rutil. I Engebø Rutile and Garnet er vi oppteken av at verdiskapinga skal skje der ressursane er, både når det gjeld å skape lokale arbeidsplassar, utvikle innovative løysingar og bidra i lokalsamfunnet. Folka i organisasjonen er sjølve nøkkelen til å få dette til.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8d344547-4597-463c-a83e-be7b8ea4037f
- Sist endret
18. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
450713575
Lignende annonser
Forskningsbioingeniør
Arbeidsgiver
Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB), Helse Førde
Sted
Førde
Sommarvikarar
Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Sted
Førde
Fagarbeider bygg- og anleggsteknikk
Arbeidsgiver
Veidekke Entreprenør As Fo Vest Avd Sandane
Sted
Måløy, Kinn