Hopp til innhold

Er du den som får unge til å tru på eigne moglegheiter?

Arbeidsgiver

Nav Bergen Vest

Sted

Loddefjordveien 2, 5171 Loddefjord

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest torsdag 2. april

Vil du vere med og støtte unge menneske i å ta i bruk ressursane sine og finne vegen vidare til utdanning eller arbeid? Trur du, som oss, at dei fleste kan stå i ordinært arbeid med rett støtte – også dei som møter helseutfordringar eller andre barrierar? Då kan denne stillinga vere rett for deg.

Nav Bergen vest søkjer no ein engasjert rettleiar til ungdomsavdelinga. I denne rolla blir du ein viktig del av eit solid fagmiljø som jobbar målretta for å hjelpe unge brukarar vidare i livet. Vi har høge ambisjonar for kvalitet, kompetanse og resultat, og arbeider kontinuerleg med å utvikle betre tenester for dei vi er her for.

Kontoret er eitt av sju Nav-kontor i landet som deltek i utprøvinga av Ungdomsprogrammet, ei viktig satsing frå regjeringa for å få fleire unge ut i arbeid og utdanning. I denne stillinga får du høve til å bidra direkte inn i dette utviklingsarbeidet.


Kva går jobben ut på? 

  • kartleggje ressursar, behov og motivasjon knytt til arbeid, utdanning og aktivitet
  • følgje opp unge brukarar gjennom individuelle samtalar, samarbeidsmøte og digital dialog
  • rettleie både einskildpersonar og grupper
  • støtte ungdom i å identifisere, utvikle og ta i bruk eiga kompetanse
  • samarbeide tett med arbeidsgivarar, fylkeskommune, tiltaksbedrifter og andre relevante partnarar
  • handsame saker etter gjeldande lovverk innan Nav sitt ansvarsområde

Arbeidsoppgåvene kan endre seg over tid.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

Du må ha
  • Fullført utdanning på minimum bachelornivå. Gjerne innen sosialfag, samfunnsfag, pedagogikk, jus eller helsefag. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.  
  • erfaring med rettleiing eller anna arbeid i direkte kontakt med menneske
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
  • gode digitale ferdigheiter
Det er ein fordel om du har
  • erfaring med å rettleie ungdom mot arbeid eller utdanning
  • kunnskap om utdanningsløp og arbeidsmarknaden
  • erfaring med arbeidsretta oppfølging og avklaring
  • erfaring frå nettverksarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • kompetanse eller erfaring knytt til psykiske helseutfordringar

Kva ser vi etter hos deg?

  • skapar tillit og gode relasjonar
  • kommuniserer tydeleg og motiverer til endring
  • jobbar strukturert og handterer ein variert kvardag
  • er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Kvifor velje oss?

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar 
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
  • stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgiver. Lønsspennet er frå kr.622 000 til 660 000. For særs kvalifiserte søkarer kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Anders Gjerstad, Avdelingsleiar, 92210028, anders.gjerstad@nav.no
Cathrine Tau, Einingsleiar, 92453339, cathrine.tau@nav.no

Arbeidssted

Loddefjordveien 2
5171 Loddefjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5096547247
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Cathrine Tau

Einingsleiar

92453339

cathrine.tau@nav.no

Anders Gjerstad

Avdelingsleiar

92210028

anders.gjerstad@nav.no

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fc5ef120-6d59-482e-b1f6-c8a9a6740cbe

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7ae5ca537ada4a4c9471d7363b5233dd

Lignende annonser

Laster lignende annonser