Rådgjevar/spesialkonsulent
Vestland fylkeskommuneAvdeling for opplæring og kompetanse-Seksjon for inntak, forvaltning og sluttvurdering
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Har du lyst til å vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland?
Vi søkjer deg som er systematisk, løysingsorientert, har gode samarbeidsevner, og som vil vere med å utvikle vidaregåande opplæring i Vestland.
Vestland fylkeskommune skal gje ungdom og vaksne vidaregåande opplæring med høg kvalitet. Den vidaregåande opplæringa skal bidra til berekraftig forvaltning av ressursar og til gode og vekstkraftige lokalsamfunn og sterke by- og senterområde gjennom mellom anna eit breitt og likeverdig opplæringstilbod. Fullføringsreforma skal bidra til at ungdom og vaksne vert kvalifisert til å møte krav i vidare utdanning og arbeidsliv, og at dei kan oppdatere sin kompetanse gjennom hele livet. Vestland fylkeskommune skal gje elevar, læringar og vaksne vidaregåande opplæring som er prega av meistring, motivasjon og læring som gjev relevant kompetanse til vidare utdanning og arbeid.
Kvar dag får 30 000 ungdommar og vaksne opplæring i skule og bedrift. Fylket har 43 vidaregåande skular, 2 fagskular, produksjonsskule og folkehøgskule, vi er omlag 5000 tilsette og vårt årlege driftsbudsjett er på omlag 3,4 mrd. Når ungdom og vaksne søker skuleplass eller skal ut i lære, er det seksjon inntak, forvaltning og sluttvurdering som handterer dette. Seksjonen administrerer alt inntak til vidaregåande opplæring, har ansvar for lærekontraktar og godkjenning av lærebedrifter og opplæringskontor. Seksjonen har òg ansvar for eksamen og fag-/sveineprøvar og forvaltar dokumentasjon som vitnemål, kompetansebevis og fag-/sveinebrev.
Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse har ledig stilling som rådgjevar/spesialkonsulent ved seksjon for inntak forvalting og sluttvurdering.
Stillinga er knytt til forvaltningsfeltet, arbeid med fag- og yrkesopplæringa.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid knytt til forvaltningsfeltet som omhandlar fag- og yrkesopplæringa
- Samhandling og kommunikasjon med andre seksjonar, Rettleiingstenesta, lærebedrifter og samarbeidsorgan
- Til stillinga vil det ligge rutineutvikling og informasjonsarbeid
- Andre oppgåver kan bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på bachelor eller masternivå, særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Kjennskap til opplæringslova og forskrifter for vidaregåande opplæring med særleg vekt på fag- og yrkesopplæring.
- Kjennskap til sakshandsamingssystem som Vigo og Elements er ein føremon
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, tenestemålet til fylkeskommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar
- lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
- analytisk og viser god systemforståing
- er god på samhandling, er inkluderande og byggjer gode relasjonar
- utviklingsorientert
- serviceinnstilt
- engasjert og har evne til å motivere
- sjølvstendig og har evne til å løyse problemstillingar i team
- personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Eit spennande og breitt fagleg godt arbeidsfellesskap
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsfellesskap.
- Stillingsnemning konsulent/rådgjevar etter kvalifikasjonar og erfaring.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar i Vestland fylkeskommune.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår.
- Seksjonen har kontorstad i Bergen, Førde, Leikanger og på Stord.
Kontaktinformasjon
Hege Bugge Gjerdevik Osebakken, fagleiar m. personalansvar, 92816296Øivind Høines, seksjonssjef, 99005647
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5086229198
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Øivind Høines
seksjonssjef
99005647
Hege Bugge Gjerdevik Osebakken
fagleiar m. personalansvar
92816296
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
51403b55-07bc-42e8-9a7f-2ea316a07d52
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6012d3595dc54147bcbf3975d0e8ce05