Hopp til innhold

Erfaring frå IPS? Då er du kanskje du vår nye metoderettleiar

Arbeidsgiver

Nav Alver - Region Nordhordland 

Sted

Kvernhushaugane 2, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
IPS Jobbspesialist og metodeveileder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Er du ein nettverksbyggar som vil hjelpe menneske i arbeid og jobbe med fagutvikling? Individuell jobbstøtte (IPS) er ein modell for tett oppfølging av personar med psykiske helseproblem eller rusutfordringer som ønsker arbeid, og som treng behandling samtidig med arbeidsretta bistand. Målet er å legge til rette for at menneske med samansette utfordringar skal få, behalde og stå i ordinær utdanning eller lønna arbeid.

Vi søker no ein metoderettleiar med pågangsmot og fagleg engasjement til IPS-teamet i region Nordhordland. Som metoderettleiar vil du ha den faglege oppfølginga av eit IPS-jobbspesialistteam, drive resultat og prosessrettleiing i teamet og vere pådrivar for jobbspesialistane sitt marknadsarbeid. Du vil bli involvert i samarbeidsrelasjonar med aktuelle aktørar som helseteneste, fastlege og utdanningsinstitusjonar. Metoderettleiar skal i tillegg vere aktiv jobbspesialist med eigen portefølje på inntil 10 personar.

Du vil bli tilsett ved Nav Alver med kontorplass kontorplass både på Nav Alver og i Alver kommune, avdeling for helse og rus. I region Nordhordland er det to andre IPS-jobbspesialistar som du følger opp, og dei har kontorplass på Nav Alver og på DPS Knarvik.  

Søk stilling hos oss, og du vil få jobbe i et engasjerande og godt arbeidsmiljø med stor fagleg bredde og utviklingsfokus. Erfaring frå IPS vil bli vektlagt, og i søknadsteksten ber vi deg forklare kva som motiverer deg til å søke på denne stillinga.


Kva går jobben ut på?

  • rettleiing av jobbspesialistar som jobbar med Individuell jobbstøtte (IPS)
  • gjennomføre teammøter, samt grupperettleiing av IPS-teamet
  • evaluere arbeidsinnsats og hjelpe kvar enkelt jobbspesialist med å sette mål
  • gjennomføre møter med potensielle arbeidsgivarar
  • oppsøke utdanningsinstitusjonar og verksemder for å skape dialog og bygge nettverk
  • følge opp eigen portefølje og med det identifisere jobbsøkarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner
  • rettleie jobbsøkaren i søkeprosessen
  • bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha
  • høgare utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • erfaring som jobbspesialist eller metoderettleiar innan metodikkane IPS eller Supported Employment (SE)
  • god formuleringsevne på norsk, både munnleg og skriftleg
Det er ein fordel om du har
  • erfaring frå å jobbe med menneske innan rus eller psykiatri
  • god kunnskap om arbeidsmarknaden i regionen
  • god digital kompetanse

Kva ser vi etter hos deg?

  • du er god til å kommunisere med ulike menneske og skaper gode og trygge relasjonar
  • du er god til å motivere og inspirere
  • du jobbar strukturert og har god gjennomføringsevne
  • du er resultatorientert, sjølvgåande og fleksibel

Kvifor velje oss?

  • gode moglegheiter til å utgjere ein skilnad i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
  • meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
  • opplæring, kurs og kompetanseheving
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
  • statleg tilsetting i stillingskode 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr. 675 000 til kr. 710 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast. 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidgivar

Kontaktinformasjon

Vibeke Gjervik, Avdelingsleiar, 404 77 119, Vibeke.Gjervik@nav.no

Arbeidssted

Kvernhushaugane 2
5914 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5090566218
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Vibeke Gjervik

Avdelingsleiar

404 77 119

Vibeke.Gjervik@nav.no

Om bedriften

Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.  

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.

Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no. 

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0c3f4463-9aba-43f1-acc8-64eda3783915

Sist endret

17. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

139d8cd86062435aaef98f29825c71f1

Lignende annonser

Laster lignende annonser